25.1.06

Det har vore ein god dag, ein særs god dag! Den byrja med ein telefon frå NRK(eg må fyrst renske stemma og øve meg på å sei "hei, det er mari" når telefonen ring medan eg søv og eg eigentleg VEIT det er dag og at eg burde vere vaken. Klokka var 10). So stod eg opp då, og førebudde meg å møta sjefen for Mensa Trondheim i debatt på direktesendt riksdekkande radio. Dette kan høyrast om du lastar ned dagens "Norgesglasset" på nettradio. Og det gjekk fint!

Vidare var dagen ein heilt vanleg fin dag på Studentersamfundet. Gode folk, gode nyhende, gode ting.

I kveld har eg vore hjå ei god venninne og feira den gode B ho fekk på munnleg-eksamen til hovudoppgåva hennar. So er ho ferdig utdanna og følgeleg vaksen. Gud, kor fint å vere med henne og andre gamle vener! Me gjekk på cherrox og drakk øl og festleg drink med namnet "Mexican death squad".

So kjem eg heim, og har fått epost med lenke til Motorpsycho på nynorsk! Og dette er så vakkert og gjer meg glad og roleg. For øvrig tykkjer eg dette forsøket på å skrive nynorsk er fint. Trur nokon at "va" er nynorsk berre fordi det er slik ho uttaler det? Det vart sitert slik fleire stader. Og er det lov å skrive "jentane"?

Klar til å legge meg? Nei ikkje nett enno, men snart. Klokka er ikkje halv fire enno. (Og ja, eg tykkjer likevel ikkje at studentane i Trondheim på generell basis er uansvarlege. Halv fire er ikkje noko tidspunkt.)

Ingen kommentarer: