31.3.08

Dagens prosjekt, og eit par spørsmål i samband med det:
1. Male opp ein tørr skalk og ha som krumlar.
- Er det mest hensiktsmessig å fryse for å bevare dei ferske, eller tørke dei og ha dei tørre? Kjem eg til å laga mest kjøttbollar eller mest fiskegrateng?

2. Lage kjøttbollar av 1 kg kjøttdeig og fryse ned.
- Skal dei frysast gjennomstekte eller nesten gjennomstekte?

3. Så nokre frø og plante litt ingefær og kvitlauk som har spirt.
- Frøa er greie, dei kjem med instruksjon. Men kan eg ha kvitlauk inne? Vil det bli lauk av den då, eller berre litt grønt gras? Er kvitlauksgraset brukande til noko?

4. Rydda ferdig rommet. Her er det einaste spørsmålet: Kvifor er det so vanskeleg å få gjort ferdig?

27.3.08

Det er lyst, det er sol, det er vår. Ikkje nett no, for no er det natt og eg er på nattevakt, men om dagen. Frå tidleg av og lenge. Og me snakkar seriøse endorfiner!
I dag baka eg brød, og for fyrste gong vart det nesten perfekt. Mjukt og saftig, ikkje tungt og tørt slik det har blitt før (sjølv om det har vore godt då og). Trikset var visst gulrot, mindre rugmjøl og ikkje minst: gløyme deigen i løpet av begge hevingane. So det vart to timar forheving og ein time etterheving, noko eg ikkje har hatt tolmod til før. Eg er nøgd og glad. I går laga eg middag til 14 personar, heldigvis ikkje aleine, og i lys av det og brødsuksessen frå i dag kan eg glad konstantera: Eg er i ferd med å bli eit riktig so godt gifte.

25.3.08

Med (u)jamne mellomrom finn eg den gode gamle walkmannen frå 1992, og eg blir like glad kvar gong eg oppdagar at han verkar. Eg skal høyra på the Clash i morgon på veg til jobb.

16.3.08

"Hva leser du?" spurde han med ein so vidt tydeleg aksent. Den ordentlege jakka og dressen eg skimta under var teikn tydeleg nok til at eg ikkje trengte å sjå skiltet på brystet hans for å skjøne teikninga. "Berre nåkke tull" svarar eg, men han er verkeleg interessert i å starte ein samtale med meg, og det er for so vidt eit par ting eg er interessert i å spørja ein mormonar om sjølv. So eg spurde og han fortalde: Når unge menn vert 19 kan dei velje om dei vil ut i verda å misjonere. Då søkjer ein, og so får ein tildelt eit land. Denne unge guten hadde knapt høyrd om Noreg før då det var hit han skulle, og han kom for 2 år sidan, saman med ein annan 19-åring som han aldri har møtt før. Her reiser dei rundt frå by til by, bur på hyblar, snakkar med folk og misjonerer før dei reiser attende.

Han trudde han hadde klart å opne hjarta til nokon i løpet av tida her, i alle fall nok til at den heilage ande kunne sleppa inn, men han godtok at eg ikkje var interessert i å høyra meir. Eg sa ingenting om kva eg trur på eller kva eg meiner om den der boka hans, og var heldigvis framme der eg skulle av nett då samtalen kunne dreid seg i den retninga.

Og kva var det eg las, då ein slik ung misjonær spør meg? Eg las om lyst og so syndig begjær at det neppe er mykje av det i mormonarlesnad: eg las ei bok eg so nyfikent og skrekkblanda fryd-skeptisk hadde kjøpt på Mega tidlegare i dag. "Sjørøverprinsen". (Synd at ikkje den engelske utgåva har jente med på omslaget. Jentene på desse bøkene er alltid so dåneferdig henførte!)

So på same ettermiddag fekk eg to små blink inn i noko so utruleg anneleis enn alt eg er vane med. Mormonarar og Husmorsporrno*. Og alle var einige om at det var ein interessant ettermiddag.

**feilstaving med vilje, med von om å unngå googling.
Det er ein deilig føremiddag med kjærasten. God tid før jobb, heldigvis. Me høyrer på radio (nett no er det Migrapolis som handlar om skilsmisse i utlendingsfamiliar) og han lager mat. Me har ein fin fordeling: Avogtil lagar han middagen, avogtil lagar eg middagen. Me er like flinke, men eg likar betre å lese oppskrifter på internett.

Ein vakker dag skal han få nudelsuppe med torsk til middag og detta til dessert. Det bør bli bra.

PS. Då pappa og mamma var her førre helg var me på Mega og handla. Då kjøpte pappa dyr olivenolje til meg. Eg har aldri kjøpt so dyr olivenolje før, og det var så sinnsjukt verdt det. Eldorado go home!

11.3.08

Stream of consciousness.

Klokka er åtte, eg har sett 4 rådyr beite på åkeren og eg har impregnert sko. Eg har ete ei skjeve av mamma sitt brød med geitost og leverpostei, og ein kiwi.

Eg kjem rett frå nattevakt, og er vaken og ullen på same tid. Klar som den tidlege vårhimmelen, ullen som sau. Eg ser alt, gjennomskodar alt, men har ikkje kapasitet til å tenkje tanken heilt ut. Eller ork til å skrive ned, det tek for lang tid.

Nesten heilt frisk har eg blitt! Framleis er ikkje halsen god, og eg krysser fingrane for at det ikkje skal vare so veldig lenge meir. Sjukdom skikkeleg, skikkeleg kjipt.

Til slutt, to kjappe og fine:
1. Førre veke var eg vitne til at eit piano vart frakta ned ei bratt og svingete trapp. Det gjekk bra!
2. Mamma og pappa var her i helga! Det var veldig, veldig kjekt. Takk for besøket, mamma og pappa!