16.3.08

"Hva leser du?" spurde han med ein so vidt tydeleg aksent. Den ordentlege jakka og dressen eg skimta under var teikn tydeleg nok til at eg ikkje trengte å sjå skiltet på brystet hans for å skjøne teikninga. "Berre nåkke tull" svarar eg, men han er verkeleg interessert i å starte ein samtale med meg, og det er for so vidt eit par ting eg er interessert i å spørja ein mormonar om sjølv. So eg spurde og han fortalde: Når unge menn vert 19 kan dei velje om dei vil ut i verda å misjonere. Då søkjer ein, og so får ein tildelt eit land. Denne unge guten hadde knapt høyrd om Noreg før då det var hit han skulle, og han kom for 2 år sidan, saman med ein annan 19-åring som han aldri har møtt før. Her reiser dei rundt frå by til by, bur på hyblar, snakkar med folk og misjonerer før dei reiser attende.

Han trudde han hadde klart å opne hjarta til nokon i løpet av tida her, i alle fall nok til at den heilage ande kunne sleppa inn, men han godtok at eg ikkje var interessert i å høyra meir. Eg sa ingenting om kva eg trur på eller kva eg meiner om den der boka hans, og var heldigvis framme der eg skulle av nett då samtalen kunne dreid seg i den retninga.

Og kva var det eg las, då ein slik ung misjonær spør meg? Eg las om lyst og so syndig begjær at det neppe er mykje av det i mormonarlesnad: eg las ei bok eg so nyfikent og skrekkblanda fryd-skeptisk hadde kjøpt på Mega tidlegare i dag. "Sjørøverprinsen". (Synd at ikkje den engelske utgåva har jente med på omslaget. Jentene på desse bøkene er alltid so dåneferdig henførte!)

So på same ettermiddag fekk eg to små blink inn i noko so utruleg anneleis enn alt eg er vane med. Mormonarar og Husmorsporrno*. Og alle var einige om at det var ein interessant ettermiddag.

**feilstaving med vilje, med von om å unngå googling.

Ingen kommentarer: