21.11.01

Eg jobbar på ein ungdomsskule. Denne veka har Erlend, som er like gamal som meg, og gjekk i klassen min då me gjekk på den same ungdomsskulen og byrja å jobbe der. I ein åttande klasse hadde han fortald kor gamal han er. "Det er ein lærar til på skulen som er 19 år" sa ein elev. Ein gut, 13 år. "Ja, Mari", sa Erlend.
"Ho har jækli store puppar" sa eleven.
"Er det det einaste du ser etter?" spør Erlend. "Ja." svarte eleven.

Shit. Ungdomsskuleelevar er seg sjølv like, gjett om!

20.11.01

Solarium! Det er noko av det eklaste eg har vore med på, eg kan vanskeleg forstå dei som frivillig utset seg for det. At dei vil!
Det er skikkeleg naturstridig å få skille etter 16 minutt, og det er så varmt og ekkelt, og bråkar.
Nei, det var ikkje noko for meg, eg skal aldri ta solarium att!

19.11.01

Nokre gongar løsnar hjernen min. Fyrst strammar det rundt panna, men så sleppa alt taket, eg vert att på golvet, men hjernen min løsnar og flyg vekk.
Idag gjekk eg heimover, eg hadde tung veske på armen, eg hadde sykkel, men skjørtet mitt var er for trangt til å sykla i. Det var då eg kjende at hjernen min forsvann og flaug vekk. Inni hovudet mitt var berre Morrissey. Hjernen kom ikkje tilbake før eg tok øyreproppane ut av øyrene. Då hadde eg hjerne i hovudet att, ikkje berre musikk.

18.11.01

Den skumlaste songen eg veit om er Subway Song, av The Cure.

14.11.01


Eg øver meg litt på å spela gitar, ein halvtime kvar dag. No kan eg litt mange grep, og ganske mange songar.
Den eg har øvd meg mest på i da sista er Stand By Your Man, fordi den har så ekkel tekst. Det vanskelegaste grepet i den songen er C7# trur eg.
Ein gong eg skulle spela ein Beth Orton song (eg likar Beth Orton veldig godt), var det eit rart grep som heitte Dsus2.
Eg måtte ringa til to gitarkompisar for å finna ut kordan det var, men no kan eg det. Det var eit lett grep.
Ofte er det slik, at dei grepa med mest innvikla namn ofte er veldig lette.

Hjarteleg Helsing Mari