31.10.06

Det er tid for å minnast store kvinner. Den eine med sorg, ære og eit sår men varm kjensle i hjartet. Den andre med......kuriosa?

Fru Kuriositet fyrst: Eg har blitt presentert for Florence Foster Jenkins. Eg kan ikkje gjere anna enn å oppmodo til å høyra på dei to klippa som ligg ut på denne sida, og då særleg Nattas Dronning-arien. Eg elskar det!

Den andre kvinna eg vil skriva om i dag er Aud Schönemann, for ho er ikkje meir. NRK har lagt ut ein nydeleg liten kavalkade over artistiske høgdepunkt, og mimring er sjeldan so fint som når ein kjem på kor mykje ting tydde i barndommen. Kor ustyrteleg festleg eg tykte Fredrikssons Fabrikk var. Det same gjaldt Fleksnes. Difor skal me minnast Aud i dag!

23.10.06

Det har som vanleg vore ei innhaldsrik helg i student-Trondheim. Mellom dei mest interessante opplevingane vil eg trekkja fram ein spesiell samtale. Eg var vitne til at to kompisar diskuterte kva dei gjer etter dei har tissa. "Ristar du?" Det som sette meg mest ut var når dei snakka om "mjølking". Eg fekk bilete i hovudet eg ikkje vil ha. Nokre løyndomar kan gutane godt få ha for seg sjølv. Eg vurderte å starte ein tampong-samtale med den andre jenta til stades, men eg gjorde det ikkje. Eg vart ganske flau av å høyre på! Samtalar om pikk er omlag det einaste som bringer fram den blyge sida av meg, saman med folk som roper "AV MED BUKSA" på fest, det flauaste eg veit om.

16.10.06

Når den penaste dama i verda skal synge dei flottaste songane i verda - kan det gå gale? Ja, det kan det jo heilt sikkert, men eg gler meg til å høyre det likevel. Aller helst vil eg kanskje sjå det på film, og gjerne i Storsalen.

Kino i Storsalen, altså! Herregud, det er fantastisk. Eg fann nokon å vere med i går, og det er få ting eg heller ville gjort sundag kveld enn nettopp dette: Mulholland Drive i Storsalen. Det måtte eventuelt vere å sitje på kjøkenet heime med eit glas Laphroig og skrive om filmen til musikal. Som skulle setjast opp i Storsalen.
Det drøymer eg om.

15.10.06

På kontoret til SIT. Det er stilt i gongane på Studentersamfundet, men her og der er det stor jobbing på gong. Fruen fra havet har snart premiere og sjølv har eg fått meg eit lite verv i AFEI (Ansvar For Eige Initiativ)- prosjektet Philip Glass Buys a Loaf of Bread. Meir om det seinare!

Med andre ord er teater-Mari tilbake. I går var Endre og eg på Trøndelag Teater og såg ei fantastisk forestilling. Ferdydurke heiter stykket, og forestillinga er ein del av kulturprogrammet til Polen 2006. Skodespelarane snakka engelsk med sterk aksent, og eg fekk verken med meg handlinga eller dei kulturelle referansane. Heldigvis var Tymon der, og sidan han er polsk kunne han forklare ein ting og to. Uansett om eg forstod lite var det ei oppleving. Vanvittig kroppskontroll og utruleg kule scenebilder. Det var ei oppvising i Grotowski som eg aldri har sett før, og eg elska det.

Om kvelden ringte Mamma. Ho er på litteratursymposium i Odda, og sjølv om det har vore ei fin helg i Barteby skulle eg gjerne vore der og. Ho lurte på om ho skulle helse til Olaug frå meg, og det sa eg at ho gjerne måtte gjere. Helste ho til deg, Olaug?

Og no er det altså kontoret til SIT. Produksjonsplanen for Philip Glass er sendt ut, epost er lese, bloggar er lese, nettsida til Fusa Kommune er lese, nettaviser er lese. Livet store spørsmål er: Should I stay or should I go? Skal eg gå heim og ete middag eller skal eg finne nokon å ete på Samfundet med? Er det nokon som vil vere med og sjå Mulholland Drive i Storsalen i kveld?

13.10.06

Sporadisk blogging for tida må eg sei. Det har vore mykje å skrive, men lite har blitt skrive. Og det gjeld ikkje berre blogginga, men også skulen. Ny tevling:

Kva fortel denne setninga om meg?
I love the sound of MacGyver in the morning.

a) Eg likar å vri på kjende sitat og tykkjer sjølv det er rasande festleg.
b) Eg står for seint opp.
c) Båe alternativa over.
d) Ingenting.