29.11.05

I går las eg ei heilt forferdeleg historie på adressanettet, eller aftenpostnettet eller noko slikt. Det handla om ei 15 år gamal jente som kyssa kjærasten sin om kvelden. Han hadde ete peanøttsmør på skjeva om morgonen, og hadde nok eit spor av nøtt att på tunga. Jenta hadde kjempeallergi mot nøtter, so ho fekk slik afolyktisk eller kva det no heiter sjokk og døde. Dødskyss! Det er ei forferdeleg historie.

Det får meg til å slutte å rekne plussar og minusar, og heller berre VERE. I dag har eg vore husmorleg, eg har rydda rommet, strikka skjerf, laga torsk til middag. Og eg har ikkje klaga over mangel på kyssing i livet, eg lever i alle fall.

24.11.05




Minus:
- forkjøla: vondt i hovudet, tett i nasa og øyrer, sår hals, hoster om natta.
- eksamenschmeksamen, eller hexamen om du vil. går ikkje bra.
- hjartegreier. seier ikkje meir.
- rotete rom over alle grenser, og første punkt på lista er effektiv hindring for at det skjer noko på den fronten i det nærmaste.
- generell misstemning i selvet: den sokalla "novembern".

Pluss:
- snart juleferi og heim.
- alle eg kjenner eg er gode menneske.
- hilde laga kake i dag.
- den økonomiske stoda er ikkje so verst.
- søster var her i helga.
- Samfundet er ein deilig stad, og laurdag er det julefest.
- har sydd ny kjole til julefesten! i stygg raud velour og fin kvit pelskant.
- marlene dietrich var dødspen og sang fabelaktige songar. Johnny, wenn du Geburtstag hast!

Samanrekning:
Fem minusar og åtte plussar. Det blir tre pluss det, noko som var ein heilt grei karakter å ha på vidaregåande f.eks. Det kunne vore betre, men det kunne absolutt vore dårlegare og. Dessutan bar det bod om betring, og ein visste at over jul kom vårsemesteret som baud på nye sjansar. Stod, gjorde ein uansett på tre pluss.
Eg seier meg nøgd. Litt misstemt, men nøgd.

PS. Illustrasjonane syner ein dag eg var pluss og ein dag eg var minus. Det skulle ikkje vere so vanskeleg å skjøne kva som er kva.

22.11.05

Å halde seg sjølv vaken med tørr og hard hoste - ikkje ideellt for den unge kvinna som skulle hanke karriera inn frå skogen ein gong for alle. Det får bli i morgon. I MORGON skal eg byrje eit nytt og betre liv! (trur eg).

Då skal eg ikkje lenger prate meir enn eg burde, ikkje prate om TING før eg har fått sove på det ei natt. Då skal eg legge meg tidleg OG SOVNE og stå opp når klokka ringer. Eg skal ta grytidleg buss nummer fem til Dragvoll og finne ein leseplass på biblioteket. Der skal eg lese og oppføre meg ordentleg og aldeles ikkje skusle vekk tida med å tenkje på livet, havet og tapt kjærleik. Eg blir bestemt og fornøgd når eg tenkjer på det. No skal eg lage tomatsuppe med mykje kvitlauk og tenkje på kor flink eg skal vere i morgon.


Filip er ein eg kjenner, han har byrja å kommentere litt her og der ser eg. Han er ein flott kar, sjølv om han kaller meg tyskermari. Det er ein etterlevning frå den fyrste tida i Trondheim, då alle heitte Mari og eg studerte tysk. Besøk Filip og kjærasten hans på gravidebloggen: i storm og stile .

(Det var som Filip hjalp meg med den dundrande cd-suksessen "Mari syng jula inn" i fjor på denne tida, og eg er allereie gått i tenkeboksen på ein oppfølgar. Det kjem meir om den, gjett om. )

11.11.05


Helene Regisjef si oppskrift på Barbiekake. Mmmmmmmm, Barbiekake.

Kjøp ei god rullekake. Skjær den i passe tjukke skiver. Legg den i ei form eller en bolle av noe slag.
Lag gele, men med halve mengden vann. La den stivne noe, ikke helt. Pisk krem og bland i geleen.
hell dette over rullekakebitene og la alt stivne. Lag kiwisaus og pynt med kiwi. Nammis. Ingen steking, kjempefint.

PS. Helene til høgre, meg til venstre.

9.11.05


Gode bror har laga seg ei nettside. Den er ikkje so veldig innhaldsrik, men historia er fin. Eg er så glad i bror min, han er dødskul. Det er lenge sidan eg såg han. Ikkje sidan august faktisk. Det skal bli fint med juleferie, då får eg møtt familie og gamle vener att. Søster kjem og besøker meg neste veke. Og dette er eit flott høve til å trykke inn eit bilete av syster, bror og meg. Eg har hatt det før, dette biletet. Det er der eg er blank i kjaken og stygg, medan søster er idoldeltakar-pen, og bror berre er kjekk og flott.

Og bror har heilt rett, pappa sin sider er veldig god!

7.11.05

Då eg stod på gata på Dragvoll og prata med ei venninne om italiensk-eksamen eg har stroke meg frå slutta eg brått å prate midt i ei setning. Eg vart litt sett ut av ho som gjekk forbi med trillekoffert. Ho såg litt desorientert ut, og likna veldig på nokon eg har sett bilete av men aldri møtt før. Utadvendt som eg er, so kunne eg ikkje late vere å spørje, og ganske riktig; Olaug er i byn, Olaug skal halde forelesning for dei som tek nordisk og ho skal prate og lese på Ni Muser i kveld.

I kveld kan eg ikkje dra til Ni Muser, for eg og Styret mitt skal få tilbakemelding på ein test me har tatt. Det er del i ei hovudoppgåve i psykologi som dreier seg om korleis leiaren sin personlegdom påverker arbeidet i ei gruppe. Og DET, kjære lesar, DET er skummelt det!

Men fyrst, kvart over tolv skal eg høyre Olaug prate om bokmelderi og forfattarskap. Det gler eg meg til.

4.11.05



Blant dagens frustrerande faktorar fins mellom anna at epostadressa eg lever gjennom leder@samfundet.no ikkje ser ut til å ville SENDE epost i dag. Berre motta, for so å sortere etter vilkårleg dato. Og DET, kjære ven, er i det samfunnet, for ikkje å seie Samfundet, eg lever i TOTALT UMOGLEG.

Når eg i tillegg har gløymd kompendiet samt oppgåve heime kjennes det ekstra lite matnyttig å vere her. Og apropos mat, so er eg svolten.

Ja, og so ein ting til! Dersom eg skal gjennomføre den planen eg har snust litt på, UTDANNINGSPLANEN altso, so må eg ta opp att matematikk frå vidaregåande. DET kjennes meiningslaust det, og eg angrer bittert på at eg var ung og dum.

No vart det fælt mykje klaging her. Eg legg inn eit fint bilete i staden, for å kompensere for klaginga. For øvrig, biletet er ikkje so fint det er heller dårleg og mørkt og uklårt, men det er jo av Pirum då, og Pirum er alltid fint.