24.10.10

På tide?

NO! tenkte eg. NO SKAL EG GÅ I BODEN OG FINNA FRAM VINTERJAKKENE!
Og so gjekk eg i boden for å finna dei fram.
Og so såg den sånn ut:



Då kunne det vere det same med heile greia, so eg gjekk inn og endra på bloggen i staden. Farvel, raude farge frå 2001!

1.10.10



Kjenner at det er sånt kribleri som sprer seg i frå magen når eg tenker på kva eg skal i dag. Eg skal på premiere på den Knutsen og Ludvigsen-baserte musikalen som har premiere i Storsalen i dag. Og eg skal på opningssseremonie til Studentersamfundet i Trondhjem sin 100-årsdag. Og fyrst: Eg skal pynta meg og dra på mottaking der eg kanskje tilogmed får helsa på kronprinsen!

Eg kunne skrive ein heil festtale om Samfundet og alt det har tydd for meg sidan dei tunge dørene klappa igjen bak meg fyrste gong, august 2002. Og ikkje minst sidan eg fekk mitt fyrste kvite medlemskort, UKA 2003. Men eg har ikkje tid til det, eg er for opptatt med å skrive jubileumsbok-kapittel. Ta i mot telefonar frå frusterte pangar som er redd for å ikkje kome seg på bankett. Lure på kva eg skal gå med i dag....

Og med å kjenne på den gode kjensla. Til lukke med dagen, Samfundet!
Dirrefølse i 100 år, måtte det dirre i 100 til!

21.9.10

Forkjøla på sofaen innser eg at eg har byrja å ynskje meg ting til jul.


Te frå Harneys, faktisk eit av dei beste minna frå Slovakia.
Mamma Mia, lykkepillefilmen, filmen som fekk meg gjennom eksamen.

Og so ferdige garnpakkar som Pickles lagar i stand, so det berre er å setje i gong!

1.9.10

Sylvia Plath!

Da Constantin spurte om jeg ville være med opp i leiligheten hans og høre på noen balalaika-plater, smilte jeg for meg selv. Mor hadde alltid sagt at jeg ikke under noen omstendigheter måtte bli med en mann til en ungkarsleilighet etter en kveld ute, det kunne bety bare en ting.
"jeg er veldig glad i balalaika-musikk," sa jeg.

20.8.10


"Vi må lære oss å skru av, når det er programmer som ikke interesserer oss". Sitatet har gått på radio fleire gongar idag, når NRK Fjernsynet har 50-årsjubileum. Det var Gerhardsen, SJØLVASTE GERHARDSEN, som sa det. Eg lurer på om han hadde so rett då, som han har i dag? I alle fall for nokon eg kjenner, som til dømes bror min og meg sjølv. Og sikkert fleire til.

I kveld skal eg ikkje skru av, i alle fall ikkje jubileumssendinga "Med lisens til å glede". Faktisk trur eg at eg skal sjå alt på tv i kveld, og la pstereofestivalen som eg ikkje har billett til gå sin eigen, duskregna gang på hi sida av elva.

19:40Norge rundt
20:05Ønske-Fleksnes: Penger er alt
20:40Pionertida i NRK Fjernsynet
21:40Med lisens til å glede
22:40Ønske-detektimen: Columbo
23:15Kveldsnytt
23:30Ønske-detektimen: Columbo

Gratulera med dagen, NRK, eg elskar deg! La sendinga byrja!

14.8.10

Eg vil ikkje dra herfrå! Sa eg.
Du vil jo aldri dra frå nokon stad. Sa han.

So tenkte eg litt på det.
So fann eg ut at han har rett.
Eg vil dra, men ikkje dra frå.

25.5.10


Thirteen i Dr. House er arveleg disponert for Huntingtons disease, her i Noreg også kjend som "Setesdalsrykkja". Ei rykkja høyres nesten ut som noko kjekt, men det er det ikkje. Det er ikkje so artig det heller. Thirteen er redd, og vil helst ikkje få vita om ho er sjuk før ho blir det for alvor. House, den kødden, byter ut den koffeinfrie kaffien hennar med ein koffeinhaldig for å skremme henne, for å få henne til å fortelja kva løyndomen hennar er, for ho er privat av seg, medan House er besett på å vite.


Eg høyrer på det fantasiske radioprogrammet Verdt å vite på p2 medan eg koker kikerter. Dei snakkar ikkje om House og Thirteen, dei snakkar om Huntingtons. Dei snakkar med ein nevrolog, og med ei som har skrive bok om å leve med sjukdommen. Sjukdommen går laus på både kropp og sinn, ein skjelv på ein måte som har blitt sagt at liknar på dans. Og so endrar ein personlegdom.

Det er ikkje noko Huntingtons i familien min. Men Parkinsons. Eg er ikkje redd, men eg tenker på det.

11.5.10



Eg er heime att! Eg har ikkje tenkt å legga ned slovakiamari heilt enno, for det er mykje meir eg ikkje har skrive om frå dei innhaldsrike siste månanadane. Men nett no: Mat som latar som det er annan mat. I love internet.

3.5.10

Eg bles gradvis liv i også denne bloggen.
Og det gjer eg med ei litt flau historie frå eige liv,
framført i kortfatta Aggi-stil.

I kveld, når eg høyrde på Detektivbyrån gjekk det opp eit lys for meg.
For den superfine songen
"kärlekens alla färjor"

handlar jo slett ikkje om ferjer!


(Eg skulder på deg, Edvard Hoem, for at du forvirra meg.)

17.1.10

No har eg reist til Slovakia for 4 mnd utveksling. I høvet kan du finna meg HER.

3.1.10

"Hvis du hadde vore rik, ville du kjøpt diamantsmykker til meg då?" Spørsmålet kom openberrt overraskande på han. Han såg opp frå kaffikoppen og morgonavisa og berre såg på meg. "Hvis du hadde visst at eg ynskja meg det veldig?"

Eg veit ikkje kvifor eg spør sjølv heller. Det var bilete av nokre diamantsmykke i bladet eg las. Gamle smykke, kongelege diamantar. Smykke som er mykje meir verd og mykje flottare enn små diamantspon i moderne "allianseringar". Det er ikkje det at eg ynskjer meg diamantar. Det er heller ikkje fordi eg vil testa kor mykje han elskar meg. Eller jo, kanskje det er difor eg spør. Fordi diamantar er symbolet på til dømes evig kjærleik, men sidan ingen av oss har råd til dei, og eg faktisk ikkje ynskjer meg diamantsmykke må spørsmålet bli retorisk.

Eg hadde altså ikkje tenkt det ut på førehand. Og det er heller ikkje er eit spørsmål det er viktig for meg å få svar på. Likevel glepp spørsmålet ut over frukostbordet, som ein slags test, eit slags mål for kjærleiken. "Hvis du hadde vore rik, ville du kjøpt diamantsmykker til meg då?"

Men han går ikkje på, for han er eit betre menneske enn meg. "Hvis eg hadde vore heilt sikker på at den var rettferdig." er svaret hans, for han hugsar på den dimensjonen av diamantane eg hadde gløymd. At diamantindustrien er grusom. At dei blanke steinane er blod-diamantar. "Forresten veit eg ikkje om eg ville ha kjøpt rettferdige diamantar heller" fortset han, "for det blir på ein måte å støtta industrien det og."

So eg finn dataen og les om diamantar og gull. På Etiskforbruk.no finn eg ein interessant artikkel om smykker, diamantar og gull. Med eitt er eg glad for at eg ikkje er so oppteken av verdi og ekteheit på det eg pynter meg med, og eg blir stolt over at dei smykka eg har som er ekte faktisk er arvegods. Og ikkje minst: eg kan fortelja han med kaffikoppen at han kjem til å sleppa billegare unna når han blir rik: for eg vil berre ha perler. Naturperler, som til og med har ein gunstig effekt på miljøet.

Og til slutt innser eg at eg skal ha eit nyttårsforsett likavel: At eg som forbrukar skal konsentrera meg bittelitt meir, blant anna ved hjelp av etiskforbruk.no