3.1.10

"Hvis du hadde vore rik, ville du kjøpt diamantsmykker til meg då?" Spørsmålet kom openberrt overraskande på han. Han såg opp frå kaffikoppen og morgonavisa og berre såg på meg. "Hvis du hadde visst at eg ynskja meg det veldig?"

Eg veit ikkje kvifor eg spør sjølv heller. Det var bilete av nokre diamantsmykke i bladet eg las. Gamle smykke, kongelege diamantar. Smykke som er mykje meir verd og mykje flottare enn små diamantspon i moderne "allianseringar". Det er ikkje det at eg ynskjer meg diamantar. Det er heller ikkje fordi eg vil testa kor mykje han elskar meg. Eller jo, kanskje det er difor eg spør. Fordi diamantar er symbolet på til dømes evig kjærleik, men sidan ingen av oss har råd til dei, og eg faktisk ikkje ynskjer meg diamantsmykke må spørsmålet bli retorisk.

Eg hadde altså ikkje tenkt det ut på førehand. Og det er heller ikkje er eit spørsmål det er viktig for meg å få svar på. Likevel glepp spørsmålet ut over frukostbordet, som ein slags test, eit slags mål for kjærleiken. "Hvis du hadde vore rik, ville du kjøpt diamantsmykker til meg då?"

Men han går ikkje på, for han er eit betre menneske enn meg. "Hvis eg hadde vore heilt sikker på at den var rettferdig." er svaret hans, for han hugsar på den dimensjonen av diamantane eg hadde gløymd. At diamantindustrien er grusom. At dei blanke steinane er blod-diamantar. "Forresten veit eg ikkje om eg ville ha kjøpt rettferdige diamantar heller" fortset han, "for det blir på ein måte å støtta industrien det og."

So eg finn dataen og les om diamantar og gull. På Etiskforbruk.no finn eg ein interessant artikkel om smykker, diamantar og gull. Med eitt er eg glad for at eg ikkje er so oppteken av verdi og ekteheit på det eg pynter meg med, og eg blir stolt over at dei smykka eg har som er ekte faktisk er arvegods. Og ikkje minst: eg kan fortelja han med kaffikoppen at han kjem til å sleppa billegare unna når han blir rik: for eg vil berre ha perler. Naturperler, som til og med har ein gunstig effekt på miljøet.

Og til slutt innser eg at eg skal ha eit nyttårsforsett likavel: At eg som forbrukar skal konsentrera meg bittelitt meir, blant anna ved hjelp av etiskforbruk.no

Ingen kommentarer: