22.12.09

I akebakken i dag fekk eg eit knall kompliment frå ein 4-åring. Eg var vikar i barnehagen, og var stasjonert ved TREET og GJERDET i enden av akebakken. Betre å treffa beina mine enn ein av dei når ein kjem i full fart på rompeakebrett.

UNNA VEI HER KOMMER JEI ropte alle ungane og sette utfor utan å sjå seg for, so delar av jobben min var å ropa til ungar som gjekk i løypo at dei måtte flytta seg, og ropa til ungane som skulle renna at dei måtte venta.

Og so kom firaåringen. Mari! Sa han te meg. Du e so veldig flink te å ropa! Det såg ut som han verkeleg meinte det. Du e flink til alt, du!

Då blei eg skikkeleg glad. Eg trur eg går på rett utdanning.

14.12.09

Sjå her no, ingen postar på lenge og so to på ein dag! Eg kom på noko i stad, nemleg.
Noko av det kjekkaste med blada eg las då eg var yngre var flausene. Den eine flaue situasjonen etter den andre, som alle førte til at ein ynskte seg ein billett til Kina, eller at eit hol kunne opna seg i bakken «som jeg kunne synke ned i». I går på flyet las eg den beste flausa eg har sett på mange år. Eg las den i bladet til kusina mi, Julia. (Namnet på bladet altså, ikkje kusina mi.) Eigentleg skulle eg skrive den i autentisk jeg-form, men det gjer eg ikkje. Her er Julia si utvalde «Ukens verste»:

Ei jente (alder ukjent) var på IKEA med ei venninne. Etter kvart som dei var der vart ho so veldig tissetrengt, og gjekk for å leite etter ein do. Heldigvis fann ho ein, so ho satte seg og tissa. Då ho var ferdig oppdaga ho at det ikkje var dopapir der. Og akkurat då ho hadde oppdaga det, høyrde ho ein rå latter! Og det var sjølvsagt ein kjempesøt gut med mora hans som stod og peika og lo. OG DÅ OPPDAGA HO AT HO HADDE TISSA I EIN UTSTILLINGSDO! DØDSFLAUT! So måtte ho berre dra på seg buksa, og saman med venninna måtte ho fortelje dei som jobba der at ho hadde tissa i utstillingsdoet. Og SJØLVSAGT viste det seg at den søte guten var fetteren til ein i klassen hennar, og då fekk alle vite om det. So no erta alle ho.

Oioioi, så glad eg er for at det ikkje skjedde med meg.
Kva ynskjer du deg til jul? Dei spør alltid, og eg veit aldri kva eg skal svara. Alt og ingenting. Reiseforsikring, vintersko, dongeribukse som ikkje blir slitt på innsida av låra? Søte serveringsbrett og ein fiskepenn frå ein dillebutikk som heiter TING?

I dag fekk eg vite om noko som eg VERKELEG ynskjer meg. Sveve-gensar! Wow altså. For ein referanse å ha på brystet, den beste eg kan tenka meg. Eg var på robotbutikken i dag, sidan eg er på juleferie på vestlandet. Der fann eg ei hårklemme med sløyfe og blom, presis ei slik ei som eg tenkte på i dag tidleg at eg burde hatt.

No har eg drukke litt mykje kaffi. Kanskje eg skal finna ut om denna kafeen tilbyr toalettfasilitetar.