30.4.03

12 Kule låter, tilfeldig rekkefylgje, eg likar dei fordi:

1.Shonen Knife - Singapore
-Veldig bra intonasjon, god rytme i teksten. God engelsk. Avansert teknikk. I det heile!

2.Nina Hagen - Superboy
-"Es ist ein (hoi,hoi) Superbooooy, er macht dich (hoi, hoi, hoi) GLÜCKLICH"

3.David Bowie - Aladdin Sane
-Kva liker eg eigentleg best med denne plata - coveret eller låtene?

4.Blondie - Attack of the Giant Ants
-Eg elskar linjene som går: La la lalala, la la lalala, la la lalala!

5.Nick Cave - Do you love me?
-Herlig pompøs.

6.Johnny Cash - One
-Fyrste gong eg høyrde denne grein eg faktisk.

7.Nina Hagen - Dread love
-Nina, Nina, tam Kartina

8.Blondie - Platinum Blonde
-ROCK!

9.Leonard Cohen - First we take Manhattan
-Koringa på denne må vere den beste koringa eg kan tenkja meg. Nokon betre?

10.Nina Simone - My baby just cares for me
-Enno ei superNina, og denne er nett avspasert.

11.Radka Toneff - The moon is a harsh mistress
-Kanskje den beste norske syngedama som har levd?

12. Marianne Faithful - Sweetheart
- Ikkje lett å plukka ut ein Marianne F-song. Valet fall på denne, for det er den kulaste discolåta eg veit.
To ting:

1 Lenge har eg ikkje skjøna kvifor eg får mange treff på ordet "muliebrity" eller noko slikt, men no syner det seg at Jørgen linkar til meg under det ordet! Men kva i alledagar tyder det? (svaret finn du her)

2 Til venstre i skjermbildet du ser på no har eg lenkene mine i alfabetisk rekkefylgje. Det kan hende ingen har tenkt på det før, eg har iallefall ikkje merka noko, men Rockette er hamna på ein rimmeleg dysklektisk stad i den alfabetiske lista.

28.4.03

Kva ville DU gjort, dersom du hadde ei helg i Berlin til fri disposisjon? Nærare bestemt helga 22.-25. mai. Send meg gjerne eit tips eller to!

Frå sundag av skal eg vere fire veker i Kiel, Tyskland på studietur. Dette skal studerast: ferje til Tyskland, munnleg tysk, tysk grammatikk, tysk litteratur, tysk kultur, tysk universitet, tyskstudentar frå Bergen og Tromsø, og sju andre frå klassen min, tyske studentar, tysk øl. Eg gler meg.
No har rocky og eg laga Modul 2-tevling. Eg må ta meg samen, lesa godt, skriva godt og vera ein djevel på korrekte kjeldereferansar. Dette trass i at sola og hagen er tusen gonger meir freistande. Det er ein draum å koma heim att, eg har vore ei helg i Bergen og det var strålande. I smalltalk-modus vandra eg sentrum, drakk kaffe med Sjur og traff kjende. På laurdag kom regn, men det var berre friskt og deilig. Tilfeldigvis hadde Jan Eggum utekonsert på torgallmenningen då eg kom ned til byn, so eg stod i paraplyskogen og åt skillingsbolle og var veldig nøgd med alt.

18.4.03

Nei veit du kva. Eg vil ikkje vera her lenger. Eg har vore foran denna datmaskina for lenge no utan å gjera noko serleg produktivt. I morgon har eg lyst til å reisa til Vestnes til kompis, og ikkje skriva. No snakkar ein type tysk i telefonen sin på datarommet. Eg vil prata tysk med han.

17.4.03

HÅH! Det byrjer å sjå lyst ut! Eg har laga disposisjon. Det kjennes bra. Heldigvis skal eg halde alle som skulle kome på å lese hjertemari.blogspot.com oppdatert i oppgåveprogresjonen min. Håhåh. Men no skal eg nett heim ein tur og ete litt. Det er fint å bu so nære universitetet!
Eg forsøker kome i gong med Modul2-oppgåva mi. Igjen. Vonleg vil eg klare å få nok ord (3200) denne gongen, og faktisk stå. Det ville vore fantastisk og tusen tunge steinar ville falla frå brystet, eit bryst i dag pryda av eit vakkert bleikrosa perlesmykke. Mellom frokosten (i senga med musikk til) og lesing, berre avbroten av ei lita stund sying, dusja eg og tok krøllrullar i håret. Etter tre timar fekk eg ein nydeleg sveis, og eg er litt frustrert over at ingen faktisk får sjå den fine sveisen i dag, berre Gunvar, den nye i kollektivet, og datamaskinene på Gløshaugen.

Eg skriv lange setningar, og innser at den aukte kjennskapen til tysk syntaks (setningsoppbyggjing, for dei uinnvia) min har byrja å prege den skriftlege norsken min. Er det bra? Det lover i alle høve godt for eksamenen eg har i november at eg kan sjå på alle sjølvstendige og mindre sjølvstendige ledd i dei lange setningane og vite kva funksjon dei har i eit syntaksanalytisk utgongspunkt. Hah.

15.4.03

Vener og kjende! Det går trått med blågging for tida. Eg kan meddele dykk at det går trått med ganske mykje for tida, utanom å drikke og bruke opp pengar (det siste ofte ein naudsynt konsekvens av det fyrste).
Utanom at bandet mitt har hatt konsert og eg skal bli rockestjernehar eg ikkje so mykje å skriva, og no fekk eg nett ei melding om at me skal ha fest i kveld, so då må eg heim og pynta, for Leffa har bursdag og eg har kjøpt PARTY-KIT, ballongar, girlandar og fløyter. Ikkje hattar, diverre.

Snart skal eg byrje å skrive oppgåve att, då skal det sjå det vert oppdateringar! HOI!