17.4.03

Eg forsøker kome i gong med Modul2-oppgåva mi. Igjen. Vonleg vil eg klare å få nok ord (3200) denne gongen, og faktisk stå. Det ville vore fantastisk og tusen tunge steinar ville falla frå brystet, eit bryst i dag pryda av eit vakkert bleikrosa perlesmykke. Mellom frokosten (i senga med musikk til) og lesing, berre avbroten av ei lita stund sying, dusja eg og tok krøllrullar i håret. Etter tre timar fekk eg ein nydeleg sveis, og eg er litt frustrert over at ingen faktisk får sjå den fine sveisen i dag, berre Gunvar, den nye i kollektivet, og datamaskinene på Gløshaugen.

Eg skriv lange setningar, og innser at den aukte kjennskapen til tysk syntaks (setningsoppbyggjing, for dei uinnvia) min har byrja å prege den skriftlege norsken min. Er det bra? Det lover i alle høve godt for eksamenen eg har i november at eg kan sjå på alle sjølvstendige og mindre sjølvstendige ledd i dei lange setningane og vite kva funksjon dei har i eit syntaksanalytisk utgongspunkt. Hah.

Ingen kommentarer: