29.6.08

Naar tapas og oel stroeymer paa og folka i raude og gule t-skjorter rundt meg jublar og gret og klemmer og herjar - daa tenkjer eg: Det var bra me drog til Madrid og ikkje Berlin.

Helsing Mari paa ferie.

25.6.08



I helga var eg på Sunndalsøra og såg musikal. Å herremingud, for ein musikal dei har skapt. Det går heilt fint an å ha ei heidundrandes helg på Sunndalsøra, i alle fall når ein kan "gjøra Øra" midt på natta - guida tur med brun sprit i løynde rom i ein sekk. Og ein ting til - eg trudde me hadde fjell på veslandet*. Men etter å ha vore ein tur i Møre og Romsdal, eit fylke eg har fått stor tru på, skjønar eg at me ikkje har det på ordentleg. Men meir enn Trøndelag då, det kan eg trøyste meg med.

Biletet har ikkje noko som helst med teksten å gjera, bortsett frå å kanskje vagt illustrera poenget med eigentleg ikkje fjell.



*Det ekte vestlandet, det som er mitt.

13.6.08

I morgon byrjer den delen av sommaren som heiter FERIE. Kjærasten og eg skal på turne i Møre og Romsdal. Del 1 byrjer i morgon, med buss til Ørsta der bryllup skal feirast på laurdag. Stas, stas.

Vidare skal me til Ålesund på søndag for å vitja gamal ven, og derfrå dreg me med hurtigruta tysdag morgon. Gjebursdagen til kjærasten skal feirast i Geiranger på båten, før me dreg til Trondheim att. Med Hurtigruta.

Neste helg er det klart for del 2: Musikal på Sunndalsøra, og testing av den lokale festekulturen saman med nokre lokale som me kjenner. Stas, stas det også.

Imellom er eg her på garden, so det er berre å stikka innom for den som skulle vere i nærleiken! Berre ring fyrst, so eg kan få sett på kaffen i tide!

So markerer eg sommar og grillsesong med å legge ut eit bilete av senneptest. Den gule er amerikansk, den andre er "dijonaise", eit feilkjøp som er ein blanding av dijon-sennep (godt) og majones (også godt). Blandingen smaka ikkje så godt, men biletet er jo kjempefint.

7.6.08

Det er mogleg eg er spesielt lett å begeistra. Men det tyder ikkje at eg er ukritisk. For når eg likar nesten alle bøkene eg les, so er det fordi eg vel etter gjevne kriterie. Som at nokon eg kjenner og stolar på smaken sin på seier det er bra. Eller at ein kjend forfattar som eg også likar har anbefalt på omslaget eller i føreordet eller har namedroppa boka ein stad og eg har fått det med meg. Eller at eg har likt alt som har kome frå den same pennen før. Dei som kjenner meg veit kven det gjeld.

No til dømes, skal eg gå i gang med Spør støvet av John Fante. Bokklubben sendte e-brev og spurde om eg ville ha den, og då dei kunne skilta med ein lengre anbefalingstekst av Bukowski slo eg til og ikkje avbestilte.

Men nokre gongar ser eg ting eg føler at eg berre må få kloa i slik at eg har det. Det treng ikkje vere for å lesa det, med mindre det syner seg lesverdig, men mest for å sitja med boka i hendene i fanget og tenka "tenk at denna finst!" på ein lukkeleg og noko overraska måte.

Som: Salvador Dali sin kjærleiksroman, som eg har, men ikkje har lest.
Eller Saddam Hussein sine kjærleiksromanar, som eg ikkje har sett og eigentleg ikkje er sikker på om er meir enn ubekrefta rykte. Føl deg fri til å bekrefte det for meg, evt fortel meg kor eg kan få eige ei av desse bøkene. Vonleg i engelsk eller tysk språkdrakt (då nynorsk sikkert er for mykje å håpe på.)

3.6.08

Brått inspirert i går gjekk eg ut i hagen med spade, grapse, løvetannstikkar og rosesaks. Solbær- og ripsbuskane skulle få gå ei meir einsam tid i møte. Men også meir solrik på føtene og med mindre kamp for tilværet. Hissige brennenesler, kvelande gras, idiotiske løvetann og ein rognspirea som aldeles ikkje kjende si besøkelsestid måtte takka for seg. So luka eg fram eit bed, fekk tilkøyrd eit traktorlass med jord frå bonden sjølv og planta 12 fine stemødre som ser ut til å trivast i dag.

Herregud, det var gøy.

Så prøvde eg å redda rabarbraen frå seg sjølv, skvallerkål og tidlegare nemnde rognspirea. 2 kg stilk vart teken med inn, og no har me 9 glas syltetøy på kjøkenet.
Mammo til Gislaug (bondekona sjølv på garden her eg bur) kom bort med rabarbrapai til oss, og gripen av stemninga som herska stussa ho verandabuskane våre medan me åt den deilige paien. So gjekk Henning og Gislaug laus på skapelsen av noko me har tenkt på lenge: trinn ned frå verandaen. Det innebar å fjerne ei rot (til akkopagnement av "Gubben og Gamla", sjølvsagt) og så å planere, bære heller og lage tre vakre trinn. Dette var medan eg laga syltetøy. Alt er på bilete, berre vent til eg får lagt dei inn på data!

No er Gislaug på jobb, Henning på eksamen og eg har stått opp helselaust tidleg for å luke bedet på andre sida av inngangsdøra, gjere ferdig urtekroken i hagen og ta oppvasken etter syltetøy-kokinga.

Det skal bli ein deilig dag. Gratulera med dagen, Sigrun og Ragnhild! Hurra!

2.6.08

- Vi sommarmenneske blir ofte sett på som litt grunne og overflatiske, seier Tomas i Dalen. - Litt enkle. Vi er liksom folk sm liker gladpop og ler heile tida, litt slik Wenche Myhre-aktige. Optimistar og pratmakarar som sit i solsteiken i smaklause, korterma skjorter og drikk øl og er høgrøysta. Der har du oss sommarfolk.
Han ser på meg.
- Det er liksom litt meir djupt og høgverdig å vere haustmenneske. Då er det litt meir Joni Mitchell og utilgjengelege dikt av Stein Mehren og franske svart-kvitt-filmar. Men kva faen er det som er så bra med kjærleikssorg, det har eg spurd meg om mange gonger. Så det spørst om ikkje vi sommarkarar vil få vårt velfortente comeback ein dag. Og då skal vi faen meg ta over heile butikken.

Utdrag frå Ei vinterreise av Ragnar Hovland. Og eg seier: gje meg ei smaklaus skjorte og ei øl. Det er solsteik ute, og ingen kjærleikssorg so langt auga kan sjå over åkrane.