28.12.02

Eg høyrer på kassett med The Cure-konserten frå Roskilde 2001 (tatt opp frå PeTre) medan eg står på badet og sminkar meg og drikk øl.

27.12.02

ANgst! Agnst! Eg kan ikkje stava i dag, og eg trur eg skal skriva ein musikktekst som skal heite " Eg er den teitaste og eg burde gravast ned i frosen jord".

I kveld skal eg sjå "the royal tenenbaums" med nokre venner her heime. Det skal bli roleg og fint. No burde eg nok teke meg ein tur ut og lufta meg litt. Det kunne eg trenga. Det kunne eg absolutt trenga. Litt frisk luft skulle gjere meg ordentleg godt. Klokka er halv fire og bror min har ikkje stått opp enno. Eg har morgonkåpe på meg.
Kvifor kler eg ikkje på meg og luftar meg litt ute? Eg kunne gått ein tur, det hadde vore greit. Eg kunne besøke mi gamle venninne som har fått ein unge, det kunne eg gjort. Det kunne eg faen meg gjort. Ja, det er ein god ide.
Det er døttsgøy med dans i eikelandsosen for det er so mange folk der som ein kan snakka med og sånt. Men det er og dødsgøy å koma heim om natta og julepålegg er best ingen protest er du imot er du idijont. Og ingenting er som å kome heim og tru du må vere Veeeeldig veldig stille, men såer du visst aleine. Men no kom nokon til. godantt.

26.12.02

I dag kjenner eg meg i humør til sitering. Fylgjande utsegn har eg i dag bite meg merke i, av ymse grunnar:


"(Om Ronan Keating: "If Tomorrow Never Comes" ) Dette er en sånn låt som får deg til å tenke. Teksten er virkelig nydelig, og han synger faktisk ganske godt også. Normalt har jeg ikke så stor sans for musikken hans, så jeg fikk omtrent sjokk første gang jeg hørte denne låta. "
Nettdagbokperson, eg skal vere grei å la henne vere anonym

"Ved farfars hatt! Åh, unnskyld kraftuttrykket, Betty"
Henrik Meisel frå "Den spanske flue"

"Hadde Marx levd i dag ville han sagt at såpeoperaer er opium for folket."
Henrique frå São Paulo, funne her

Og til sist eit frå min ven, Christian:

"My name is samuel, and I see you all in hell, yes I see you all in hell. Damn your Eyes"
Johnny Cash

25.12.02

Fylgjande korrektur vart sendt meg på e-post julafta:

"Nils ble aldri utestengt fra kvarteret. Det var det bare Sjur som ble.
Jeg ble bare truet med utestengelse, siden jeg fulgte etter Sjur og vakten etter det så mye omtalte stol-tyveriet.
For øvrig kravlet jeg ikke rundt i en grøft. Jeg rullet meg i løvet utenfor Johanneskirken.
Snakker om at en fjær blir til fem høns! "

22.12.02

Skriv eit minne i boka mi,
so skal eg minnast deg all mi tid!

Dette biletet er teke på torgallmenningen den dagen ein verkeleg kunne få eit inntrykk av korleis Mr. Nesse(til venstre) kjem til å vera som gamling. Skjelvande, mysande og lettare mentalt redusert. Hevrøy(til høgre) var i litt betre fysisk stand, han klarte i alle fall å halde kaffekoppen med berre ei hand. Dette var, so vidt eg hugsar, dagen etter ein kveld der Sjur stal ein stol, Nils vart av den grunn stengd ute frå kvarteret, og det var umogleg å oppdrive kameraten deira(sist sett kravlande i ein grøftekant).

Barnet i bakgrunnen har eg ikkje noko kjennskap til.
Å være attende i Bergen, min hjarteby med mine gamle vgs-vener var satans bra! Det var godt med øl (ekte øl, ikkje tull), det var godt med dei gode gamle vener eg ikkje har sett på lenge, og ikkje minst var det godt med den gode gamle humoren i fritt spillerom.

I dag derimot, var eg nokså trøytt. Eg sov litt på sofaen og skulle eigentleg bade i stampen (ein slik som detta), men eit uimotståeleg tilbod på sms førde til whisky og åttitalsrockemusikkvideoar med ungdomsskulekompisane. Det vart bra!

Eg hugsar på at det var sensur på eksamenen min i går. Det vil seie at eg snart veit kor god eg er i filosofihistorie. Eg går for A, men no går eg i seng.

19.12.02

Dei tre fyrste koppane med kaffi smaka best, denne siste er litt beisk. I dag er det elles berre ein ting eg vil få fram:

Les:
Sveve over vatna av Ragnar Hovland.
Sveve over vatna av Ragnar Hovland
Sveve over vatna av Ragnar Hovland.

Takk.

18.12.02

I dag har eg vore på ungdomsskulen, sidan eg ikkje kunne halde meg vekk. Då eg kom heim teikna og skreiv eg ein oversikt medan eg høyrde på to cd-plater (som var superfine, iallefall den eine) som eg hadde fått i posten. Deretter høyrde eg på Nina Hagen medan eg laga eit julekort. Og så las eg i Ragnar Hovland si bok "Sveve over vatna". Den må alle lese. Meir enn Frode Grytten må alle lese Sveve over vatna. I kveld skal eg sjå nrkkalendaren. Og så skal eg gå ut ein tur, på besøk for å hente ein cd eg har fått brent. Eg har eit blått skjørt som eg har funne på besto sitt loft på meg. Og stjerner i øyro.
Det er greit at Jaga Jazzist har blitt store og ordentlig anerkjende i utlandet - men dei trong ikkje lage ei slik kjip heimeside for det.
Alt var betre før.

16.12.02

Eg tenkte å blogge litt att. Eg er heime, sit på ein krakk og det er kaldt i huset. Men det er godt å vere heime. Eg likar heime. Eg har tatt på meg angoraullsokkar, som eg fekk av mamma i går. Bror min henta meg på flyplassen, men hadde ein spanande køyretur i bergen sentrum (opp kleiver og inn smau) for å stikka innom god ven.
Huset mitt er dødsfint, familien min er den beste, bygda mi er så fin at eg får vondt i hjarta av det.

Eg er i dag, berre glad, og litt kald, og har ikkje så mykje å skrive i grunn. Eg skriv kun for å glede rocky. Og alle dei gjennomsnittleg 24 daglege lesarane mine. Kven dei no i HIMMELENSNAMN er. God dag til alle barn!

Her er min plan: electroclashqueen. Det blir meg.

11.12.02

Det var det. Ferdig med eksamen. Juleferie. Ahhhhhh......

10.12.02

Det sit ein fantastisk irriterande dust på same datasal som meg. Han er for tida i gong med sin tredje telefonsamtale på eit kvarter. No syng han "åh, åh, Im a kitty-cat", for at personen i andre enden skal skrive ned kva notar han syng. Og så spør han om den andre fekk lite potetgull på ungdomsskulen. Og så fortel han at han har nett fått sitt tredje sim-kort og at det er dødsbra, for då kan han ringa gratis i ein månad. Eg skal banka han, fy faen i helvete.

9.12.02

Ok! Då Kristin og eg vakna laurdag morgon i to-tida, og skulle gå heim frå kompisen me hadde sovna på sofaen til fordi me ikkje gadd å gå heim, kunne me frå der me stod i prinsens gate observere ei stor mengde røyk, som såg gul og nokså dramatisk ut. Og brann var da, GITT Det triste er at så mange fine hus er brent, og klesbutikken Tante Isabel, som eg rett nok kun har vore inne i nokre få gongar, men det var ein bra butikk. Det eg derimot ikkje er så trist for er tapet av dei ekle utestadane ricks og news. Dessutan! Kunne ikkje den heslige fridomsgudinneminikopien brent opp i same sleng?

Førre veke unngjekk eg så vidt å kome på tv to gongar. Sist då eg vart intervjua av studenttv og framstod som ein skandaløst lite smart person. Men dei sendte ikkje mine fagre uttalingar om juleferie og kvalitetsreform. Den fyrste gongen var då eg og Endre var på samfundet og såg den direktesendte stordebatten mellom Hagen og Stoltenberg.
Der kunne mi raude skulder sjåast bak talarstolen. Eg vart nervøs av å ha eit kamera i retning mot meg, kanskje eg ikkje egnar meg til å verta kjendis likavel. Fanden.
Uansett. Det aller mest underhaldande med debatten var fru massehårHagen, som sat og applauderte sin mann iherdig, eller himla med auga eller såg biskt på Stoltenberg. Og når nokon klappa for noko ho var ueinig med vart ho sur og sjokkert. Det var gøy, gøyare enn at eg satt rett ved ein høgtalar og kunne høyra Knut Olsen pusta tungt i ca. to timar.

2.12.02

Det har hendt nokre gongar at eg har drøymd at eg har møtt kjendisar eller liknande, som eg ikkje liker. I løpet av draumen, og samtalen med dette mennesket, som ofte er menneske eg har ledd mykje av, har eg møtt alle fordommane mine i døra, og måtta innsjå at det eigentleg er ein skikkeleg ok person. Og eg lovar meg sjølv aldri meir å le av eller snakke stygt om den. Tidlegare har eg drøymd slike draumar om Britney Spears, som synte seg å vere KJEMPEGREI. Og i natt var det Ari Behn. Han var jo ikkje pompøs og oppblåst i det heile, berre reflektert og klok og kul.

Hjelp meg.