26.5.04

Hassle The Hoff. Eg dør. Kvifor er han ikkje med i historiepensumet mitt? Eg dør og dør og dør.
Den skjønne blå, den milde, snille og fine siemensmobiltelefonen min avgjekk med dauden i dag. Etter ei nesten-drukningsulukke i går kveld, ølkrig på jesper, vart ikkje skadene lagt merke til og ordna opp i. I dag døydde den. Framleis fuktig under dekselet.

Mobiltelefonen min drukna i øl, og eg må ha ein dum, dum, dum nokia. Ein som låg og slang i stova og ikkje har plass til 30 meldingar, berre 10 eller 12 eller noko. So eg må sletta mange! Og andre forsvann av seg sjølv!

Og eg vart lurt ut på sprit nesten utan å merke det, har mista ein lesedag og luktar litt dårleg.

Og likevel! Eg har det finare enn nokon gong for tida. Verkeleg.

21.5.04

Røykarar er ufatteleg barnslege. Når dei i samla flokk skal boikotte røykelova og sitje der, stinkande, teite, sure og røykande, skal eg sitje på nabobordet og spraye på dei med AXE spraydeodorant. Kanskje det kjem til å svi litt i auga deira, setje seg litt vond lukt i kleda deira og generelt opplevast som ubehageleg, MEN EG KJEM TIL Å HA DET KJEKT! Det kjem til å vera NYTELSE for meg! EG kjem til å ha det bra! HAH!

Og eg gidd IKKJE å høyra nokon kalla meg sutrete eller likanande, eg gidd IKKJE å gå med på at røykelova er inngrepen i privatliv eller totalitært. Det er eg ikkje einig i, og det er RØYKARANE som syt og sutrar.

HAH!

19.5.04

Hallaien! Eg har i dag sykla til universitetet med Ace of Base på walkman. (I`m gonnna make you move)

13.5.04

Lori Glory! The man that I love
loves you.
Thats why I love you to.

7.5.04

Det er ein god dag. Det er og dagen d? eg bada i sj?en for fyrste gong i
?r. Eg skal ikkje late som noko anna: det var beinkaldt.
For ? vera n?yaktig, ca 10`C, i f?lgje det ganske fancy og s?rs
n?yaktige vasstermometeret te far.

Etter at det slutta ? regne har innhaldet i dagane mine kome seg stort.
I g?r til d?mes, gjekk eg til skogs. Eg gjekk opp til bankfurua, eit
svera tre ein halvtimes gange opp i skauen her. Eg hadde vel tenkt ? g?
eit stykke te, men so s?g eg ei furu eg heller ville klatra i, so
gjorde eg da. og sat fem meter over bakken, skoda utover fjorden og
h?yrde p? walkman.

5.5.04

Eg les i "Ut og stjæle hester" av Per Petterson. Ei påfallande bra bok. Verkeleg.

3.5.04


Alt er sant! Alt er bløff!

Marit Eikemo i BT, 21.09.03


"Kven er det som meiner alvor - og kven er ein bløff? I månadsskiftet var eg så heldig å vere til stade under eit statsbesøk. Eg var i Os då ordførar Terje Søviknes tok i mot visekongen av Fusa. Det var eit flott syn. Kunstnaren Morten Holmefjord har oppretta Fusa som eige kongedøme og set seg sjølv inn i rolla som visekonge. Han var strålande i all pompen og prakten sin då han gjekk i hemmelege forhandlingar med Søviknes om nokre landområder Fusa mista til Os for 40 år sidan. Etter forhandlingane sa kongen mellom anna dette:

«Kven imiterer kven? Kven blir ramma av latteren? Kven er det gåseauga stirar på frå skuggane?».

I bakgrunnen brann ein trehest. Og Ragnar Hovland, som i litteraturen har gitt Fusa eit eige symfoniorkester, mumla noko slikt som at «Ja, ja. Kva skal ein fylle livet sitt med etter dette?». "

1.5.04

Grisen står og hyler i den stille kveld.
(Han skal ikkje slaktast men hyler likevel)
Fir`og tjue kråker sit på ein madrass.
Endå ei vil sitje men det er ikkje plass.

Månen står og lyser, rund og feit og kvit.
Reven kjem frå skogen og luskar hit og dit.

Fiskane i havet søv og drøymer søtt.
Nøkken nedi tjernet har eg aldri møtt.
Mor og far har lagt seg. Eg er vaken, eg.
No klatrar eg ut glaset så spring eg bort til deg.

Mens grisen står og hyler og månen lyser kvit
sit du og eg på taket og ler og pratar skit.

Grisen står og hyler. Faltirultirei.

(Ragnar Hovland)