1.5.04

Grisen står og hyler i den stille kveld.
(Han skal ikkje slaktast men hyler likevel)
Fir`og tjue kråker sit på ein madrass.
Endå ei vil sitje men det er ikkje plass.

Månen står og lyser, rund og feit og kvit.
Reven kjem frå skogen og luskar hit og dit.

Fiskane i havet søv og drøymer søtt.
Nøkken nedi tjernet har eg aldri møtt.
Mor og far har lagt seg. Eg er vaken, eg.
No klatrar eg ut glaset så spring eg bort til deg.

Mens grisen står og hyler og månen lyser kvit
sit du og eg på taket og ler og pratar skit.

Grisen står og hyler. Faltirultirei.

(Ragnar Hovland)

Ingen kommentarer: