30.12.01

I går hadde eg ein hivandes aketur kan du tru! Me gjekk oppover i ein time, på brøytt skogsveg. Nedover gjekk da dritfort, og litt skummelt var da, men heilt månelyst så me fann alltid vegen. Eg har eit heftig blåmerke på hofta, og eit på skuldra etter samanstøyt med ein av dei andre akarane.
Slikt er kjekt, men eg er blitt så gamal at eg ikkje gjer det så ofte. Det er i grunnen litt synd.

25.12.01

Kva er det som har skjedd når passordet mitt brått er blitt endra?

Dette fekk eg til jul:

Vottar og hue
hanskar
stygg liten tanga med bilde av ei jente+blomar
fem krus (ulike)
snop
ei diktbok og teikneseriebiografi om Arne Næss
meir snop
eggaglas
bilete som kusina mi har laga
dårleg parfyme
filt-tøflar
veske
hekla handdokke
Ephemera cd
glow in the dark 3D teletubbie til å feste på veggen
Sondre Lerche cd på deling med syster og bror
Trivial Pursuit på deling med familien (spelte i dag, eg vann sjølvsagt)
brødkniv
fire kaffikoppar
krydder-te
hårklemmer
pastakokebok
skjørt
pengar
snop

23.12.01

God mat! Forferdeleg god mat! Eg kjem til å bli skikkeleg feit i jula. Åh, eg må nok trena litt på nyåret.

Mormor var nett i telefonen. Eg har fått pengar til buksa av henne til jul, men eg har ikkje funne noko bukse enno, so da vert ikkje nåken pakke. Jaja.

Eg gler meg til å sjå Askepott imorgon. Ho er den penaste i verda trur eg. Men eg las om prinsen i bt idag. Og det angrar eg litt på.

jaja. God jul iallefall!

20.12.01

Det er ikkje det at eg syns Destinys Child er forferdeleg dårleg. Dei er jo for all del flinke, flotte stemmer har dei, og ser litt betre ut enn Jan Werner gjer dei jammen og.
Men når ein meir eller mindre mot si vilje får høyre ein song med refrenget "A åp ju reddi..blablablabla" for femte gong.
Då likar eg ikkje så godt det albumet lenger.

Dessutan høyrde eg det eg trur er verdas dårlegaste sangline.

"CRY ME A RIVER, THAT LEADES ME TO YOUR OCEAN"

Åh, gru....

18.12.01

I love you!
Om eg ikkje klarer å legge ut biletet mitt, kan eg iallefall legge ut linken til sida med dei finaste bileta mine.


Dette er meg.

Eg fekk eit elektronisk julakort i dag. Diverre klarte eg ikkje legga det ut i bloggen, men innhaldet kan eg gje att. Ein Carlos skriv dette:

I´d like to build a great friendship around
the world with some many fans of Nina Hagen,
couldn´tyou.

Carlos
from São Paulo-Brasil

Det tok lang lang tid før eg kom på at eg ein gong skreiv ein kommentar til ein artikkel om Nina Hagen , og at han nok hadde addressa mi der frå. Men kva meiner Carlos med "couldn`t you"? At det er meg som skal laga eit stort verdsvenskap knytt omkring Nina Hagen, eller kanskje at eg berre skal bli Nina Hagen ven med han?

Eg kjem sjølvsagt til å skrive attende til han, og skal snart oppdatera dykk i kva Carlos ynskjer seg.

17.12.01

Eg må få presisere at Sjur trykkjer halvsanningar på sida si. Det er ikkje sant at eg nektar å lage erotisk kalendar til han! Poenget er at eg ikkje har bilete av meg utan klede frå etter eg kunne skrive alderen min med to siffer. Eg har sagt at eg kan godt lage Mari -kalendar til han, men den vert berre ganske tekkeleg. Det er det som er saken.

Ikkje det at eg er sikker på om eg hadde lagd erotisk kalendar til han sjølv om eg hadde tusen nakenbilder heller då. Eller forresten, hadde eg vore typen til å ha tusen nakenbilder av meg sjlølv, hadde eg sikkert vore typen til å lage kalendar og. Det er sant.
Eg har ein hemmeleg beundrar på internett ein stad. Han les sikkert kva eg skriv. Og han synes at eg er flott, men det visste eg jo sjølvsagt frå før.

Hei du, som sender mail til Sjur og Nils og alle andre! Om du vil sjå fleire bilete av meg, du kan maila meg på marilyn@jetaime.as.


16.12.01

Det er mykje tull på denna sida no. Eg får ikkje til å få da eg vil ha på sida, på sida.
Så bortsett frå den fine rosa fargen ser edit-your-blog sida mykje kulare ut enn den skikkelege sida. Akk.

13.12.01

Eg trur at både Ari, Märtha, MetteMarit og Haakon har prøvd både da eina og da andra.
Braincap says:
du er kvinnen
mari says:
i ditt liv
Braincap says:
jepp
Det er litt kaldt på lemen, men resten av huset er varmt. Det heng pepperkakehjarte i glaset på kjøkenet - det er 11 att. Eit for kvar dag att til julafta. På kjøkenet står radioen på, og det er eit kor som syng Det Lyser i Stille Grender med ein nasal sopran til solist. Syster mi på 12 har spankulert avgarde til julaball på skulen, men mykje meir sminke enn EG brukte i den alderen.

Jah. No er det snart jul, og eg kjem på at eg har gløymt å sjå på Blåfjell i dag. Eg har heller kasta vekk tida med å sjå på slike sider som denne. Eller lesa om kva Nils , som eg i grunnen ikkje kjenner, men eg har møtt han ein gong.

Denne er og ganske fin og fordrive tida med.

12.12.01

Jula er tida for å glede andre, og no har DU sjansen!

Dette er Nils. På sida hans kan du lesa at han er litt lei seg og trur at han er stygg og mislykka. Men det er han jo ikkje, så kom igjen! Gje Nils mange poeng, så han får noko og glede seg over i skoddehavet som kviler over Bergen for tida!

6.12.01

No er eg i Oslo fordi eg fekk så lyst, og kanskje skal på ein konsert her i kveld.
Og fordi eg har pengar, slik at eg berre kunne gjera da.
Men da e vannvittig kaldt her.

4.12.01

If Om eg var ein James Bond skurk, ville eg vera Ernst Stavro Blofeld.

Eg likar fluffy kvite kattar, å kasta folk i piraya basseng, Og starta den tredje verdskrigen..

eg vert spelt av Donald Pleasence i You Only Live Twice.

Who would you be? James Bond Villain Personality Test

Eg og ein kompis, Trond, skal starta band. Det einaste me manglar er ein som skal spela bass. Han må vera lika rævdårleg som oss, og det må vera ein gut, for me skal kalla oss for The rat boys and one mousy girl.

21.11.01

Eg jobbar på ein ungdomsskule. Denne veka har Erlend, som er like gamal som meg, og gjekk i klassen min då me gjekk på den same ungdomsskulen og byrja å jobbe der. I ein åttande klasse hadde han fortald kor gamal han er. "Det er ein lærar til på skulen som er 19 år" sa ein elev. Ein gut, 13 år. "Ja, Mari", sa Erlend.
"Ho har jækli store puppar" sa eleven.
"Er det det einaste du ser etter?" spør Erlend. "Ja." svarte eleven.

Shit. Ungdomsskuleelevar er seg sjølv like, gjett om!

20.11.01

Solarium! Det er noko av det eklaste eg har vore med på, eg kan vanskeleg forstå dei som frivillig utset seg for det. At dei vil!
Det er skikkeleg naturstridig å få skille etter 16 minutt, og det er så varmt og ekkelt, og bråkar.
Nei, det var ikkje noko for meg, eg skal aldri ta solarium att!

19.11.01

Nokre gongar løsnar hjernen min. Fyrst strammar det rundt panna, men så sleppa alt taket, eg vert att på golvet, men hjernen min løsnar og flyg vekk.
Idag gjekk eg heimover, eg hadde tung veske på armen, eg hadde sykkel, men skjørtet mitt var er for trangt til å sykla i. Det var då eg kjende at hjernen min forsvann og flaug vekk. Inni hovudet mitt var berre Morrissey. Hjernen kom ikkje tilbake før eg tok øyreproppane ut av øyrene. Då hadde eg hjerne i hovudet att, ikkje berre musikk.

18.11.01

Den skumlaste songen eg veit om er Subway Song, av The Cure.

14.11.01


Eg øver meg litt på å spela gitar, ein halvtime kvar dag. No kan eg litt mange grep, og ganske mange songar.
Den eg har øvd meg mest på i da sista er Stand By Your Man, fordi den har så ekkel tekst. Det vanskelegaste grepet i den songen er C7# trur eg.
Ein gong eg skulle spela ein Beth Orton song (eg likar Beth Orton veldig godt), var det eit rart grep som heitte Dsus2.
Eg måtte ringa til to gitarkompisar for å finna ut kordan det var, men no kan eg det. Det var eit lett grep.
Ofte er det slik, at dei grepa med mest innvikla namn ofte er veldig lette.

Hjarteleg Helsing Mari