13.12.01

Det er litt kaldt på lemen, men resten av huset er varmt. Det heng pepperkakehjarte i glaset på kjøkenet - det er 11 att. Eit for kvar dag att til julafta. På kjøkenet står radioen på, og det er eit kor som syng Det Lyser i Stille Grender med ein nasal sopran til solist. Syster mi på 12 har spankulert avgarde til julaball på skulen, men mykje meir sminke enn EG brukte i den alderen.

Jah. No er det snart jul, og eg kjem på at eg har gløymt å sjå på Blåfjell i dag. Eg har heller kasta vekk tida med å sjå på slike sider som denne. Eller lesa om kva Nils , som eg i grunnen ikkje kjenner, men eg har møtt han ein gong.

Denne er og ganske fin og fordrive tida med.

Ingen kommentarer: