18.12.01

Eg fekk eit elektronisk julakort i dag. Diverre klarte eg ikkje legga det ut i bloggen, men innhaldet kan eg gje att. Ein Carlos skriv dette:

I´d like to build a great friendship around
the world with some many fans of Nina Hagen,
couldn´tyou.

Carlos
from São Paulo-Brasil

Det tok lang lang tid før eg kom på at eg ein gong skreiv ein kommentar til ein artikkel om Nina Hagen , og at han nok hadde addressa mi der frå. Men kva meiner Carlos med "couldn`t you"? At det er meg som skal laga eit stort verdsvenskap knytt omkring Nina Hagen, eller kanskje at eg berre skal bli Nina Hagen ven med han?

Eg kjem sjølvsagt til å skrive attende til han, og skal snart oppdatera dykk i kva Carlos ynskjer seg.

Ingen kommentarer: