23.9.02

Åhoi! Helga mi har ikkje involvert alien-porno. Men det har vore ei veldig, VELDIG bra helg.

Fredag, Carl Frode Tiller las og fortalde frå den fantastiske boka si, Skråninga, på Posepilten. Ein utestad med kanskje det fiinaste namnet. Det var strålande spanande å høyre han fortelje. Det er den mest intelligente og reflekterte eg har møtt. Etterpå hadde me innfyttefest, det var vittig.

Laurdag: Studentsamling med målungdommar. Som alltid; sosialt & lærerikt. Om kvelden sprang eg gjennom den supermørke og våte skogen for å rekka ein trikk. Så var eg på Dali med sigrun, angelin, eivind, askil og arne. Og Eivind sine kontaktar fekk oss inn trass i vår eitt-år-for-unge-alder, dessutan utan å betala. Hah!
Eg skulle berre vera der ei lita stund og kanskje ta ei eller to øl. Me kom heim halv fira. Eg møtte forresten stud.ass. Roe der, som gav oss godkjend og gode kommentarar på Platon-oppgåva eg sleit med førre veke.

Sundag: Meira studentsamling. Før alle deltakarane samla seg på mormors for å vente til klokka vart seks så ølet kosta 29 kroner. (det er eit vanvittig opplegg. 51kr før 18.00, 29 kr etter. hoi!) Så møtte eg Astrid! Det var artig! Me var på teater og såg ei morsom, men litt halvvegs Jo Strømgren-forestilling om Færøyane, mine favorittøyar. Etterpå var me på mormors att, ein del målungdommar var der framleis, og me hang der til det stengte. Då køyrde Erlend og Bjarne oss heim i Bjarne sin 2CV.
Litt trangt med tre i baksetet på den, men morsomt. Marie sov hos meg.

I dag har eg vore på Platekompaniet, utan vilje nesten. Kjøpte Doktor Kosmos og den nye til Beck. No skal eg heim og høyra på da.

(Forresten har mi karriere i nmu nådd nye høgder. Eg er nemleg å finna i flygebladet til denne
saka.)


Og tilslutt, ein pris til den som skjønnar kva som er trikset med desse setningane:

Did I draw Della too tall, Edward? I did?
Emil, a sleepy baby peels a lime.
Yo, banana boy!
Oh, cameras are macho
Madam I'm Adam

Ingen kommentarer: