21.11.07

Arild Opheim fortalde nett at vill-kalkun er i ferd med å innta byar i USA. Til dømes Manhattan. Det er ein fantastisk tanke. Eg ler høgt på kjøkenet med tankene på dei gamle damene som vart so skremde at dei ikkje kom seg avgarde på grunn av ein truande kalkun, og dimed vart haldne som gissel. Diverre følgde eg ikkje med nett då, so eg høyrde ikkje KVAR denne skrekkens kalkun opererte, men eg ser for meg at dei tre gamle damene sat på eit bord på ein fortauskafe og at kalkunen patruljerte strengt fram og attende foran dei. Goble! Goble!

No er eg godt i gong. Og det er jo nett ein månad sidan sist eg skreiv noko, so då kan eg skriva litt til.

Alle stadene eg har budd har eg hatt lånekort på biblioteket. Det vil seie: Fusa, Bergen og Trondheim. I Fusa var det best, særleg før det automatiske kortsystemet. Då hadde eg lånenummer A5. A1-4 var dei andre i familien min.* I går var eg på Melhus bibliotek og fekk meg lånekort der. Det finaste der var at eg fekk kort sjølv om eg hadde gløymd legitimasjon. Eg set pris på slike stader, når ein får lånekort utan legitimasjon, for det tyder at det bur få nok folk der til at folk stolar på kvarandre enno. Eg lånte "Røff guide til samtidslitteraturen" av Marta Norheim. No planlegg eg ynskjeliste til jul. Eventuelt låneliste til biblioteket.

Kjærasten min speler trommer i kjellaren. Potetene til den tidlege middagen er på kok. Eg har det veldig fint.



*Ja, pappa var bibliotekar. Det var fantastisk å vere med han på jobb, og det var eg ofte. Sat der i barnekroken og las alle bøkene eg fann, og då klokka var åtta gjekk eg heim med ein pose eg nesten ikkje klarte å bæra. Fantastisk. Eg likte best eventyr-historier om parallelle univers og born i hovudrollene. Magi, tidsreiser, portar til andre stader eller rett og slett handling frå stader som ikkje finst. Som ein bokserie om Julia og den skumle kampen mot ei rottedronning av noko slag. Eg hugsar ikkje noko konkret, berre nokre bilete. Eller Narnia-serien so klart. Og so vidare.

Ingen kommentarer: