17.2.02

Ghost World var ein super film. Eg kunne kjenne meg att i den, både i klede og ting og tankar - jentene i filmen har berre dratt alt saman lenger enn meg. Det var ganske vittig å snakke med Nils om filmen etterpå, me hadde lagt merke til heilt ulike ting. Det er kanskje den filmen eg har likt best på lenge. Og så er nettsidene kjempekule.

Eg skal byrje å gå meir med kjolane eg har funne på besto sitt loft att. Sjølv om det er bale i regn.

Ingen kommentarer: