14.2.02

Eg har akkurat kome heim etter å ha vore på jobb, og er trøytt. Eg har fått ein jobb til no, som norsklerar i vaksenoppleringa. Så idag var eg på jobb frå halv ni til sju, og det er mange, mange timar. Eg gjer mange ting! Assistent på skulen, leiar for dei borgarlege konfirmantane, og no dette her.

Åh, deilige Fusa! !!! "Me fusingar" har jo littavkvart å vere stolte av for tida, det skal vere visst.

Det som kanskje er det beste med å bu heime er at eg får ta ut pengar utan bankkort, låne ting på biblioteket utan lånekort, tilogmed handle utan pengar.
Dei som er interesserte i å vite meir om denne flotte kommunen, kan lesa og finna linkar her.

Og tenk det! Ikkje berre finn ein konfirmasjonsbilete av meg her , ein kan tilogmed lasta ned lokal folkemusikk! Hurra!

Ingen kommentarer: