26.8.06

...og då var det tid for å skrive om:
KVA ER BEST AV EIKELANDSOSEN OG TRONDHEIM?
Ah, for eit spørsmål! Det er like lett som: sukker eller salt? Kven er greiast av mamma og pappa? Dersom du berre skal høyre ein cd resten av livet, kva for ein blir det då?

Alt til si tid, og sitt bruk, ser ut til å bli løysinga. Men det er for enkelt, det nyttar ikkje å kome med ein slik påstand utan å argumentere. Oppgåva skal løysast, og spørsmålet skal drøftast.

Eikelandsosen. Fusa - i hjartet av Hordaland. Ikkje særleg høge fjell, ikkje særleg djupe fjordar, men likevel! Fjorden å bada i, fjell å gå opp på for utsyn og nytt perspektiv på tinga. Det er slikt ein treng, og slik er ikkje Trondheim, ikkje fjell her. Fjord finst her, men den er så alt for brei! Og badeplassar må ein leite for å finne, og dele med så veldig mange andre. I Eikelandsosen kjenner stort sett alle alle, på godt og vondt. Det er vittig å vere "dåttro te Raunsgardn/ho i barnehagen" ,alt etter som kven av foreldra mine dei kjenner best, og det er godt å ha dei gamle barndomsvener. Me ler av dei same gamle historiene. Sankthansafto (kan det ha vore 2001) er ein av slagerane, då me fann ei dau skata i fjøro, og Trond hoppa naken gjennom bålet med skato i neven. SKATO var ein ståande vits. I Fusa finst både bygdedyr og engasjerte folk med vilje til å skapa nytt og kreativt. Det siste er godt, det første ikkje til å unngå. Eikelandsosen var fabelaktig å vakse opp i, og eg trur det er fint å vere vaksen der, jobbe og ha ungar og sånt. I kongedømet Fusa.

Trondheim er studiebyen min. Eg elskar å vere her, eg går over Øya frå Ila til Samfundet og blir rørt av Nidelva stille og vakker, og det runde raude Huset som blinkar midt i bildet. Det er spanande og utviklande å vere i student-miljøa, i ei studentboble der alle er mellom 19 og 30 og studerer ville ting som eg ikkje veit nokon ting om. Det er koseleg å ta trikken opp i skogen og drikke kaffi i naturen. Sentrum av byen er lite og kjekt, stort nok til at ein ikkje rekk over alt, lite nok til å ha oversikt. Men eg ser ikkje for meg at eg blir her. Det verkar ufatteleg trist å stå opp tidleg om morgonen og ta bussen over Elgeseter bru på jobb. Tanken på å gjere det ein grå oktoberdag og sjå på dei fulle studentane som raver heimover etter ei lang natt på Samfundet! Nei, eg må reise herfrå når eg blir vaksen, eller når det blir tid for til dømes Berlin.

Alt til si tid, alt til sitt bruk. Eikelandsosen er barndomsparadiset som eg må attende til om sommaren, til jul og kanskej ein tur til i semesteret. I Eikelandsosen eller Fusa kan eg og bu når eg blir vaksen, om eg ikkje finn ein annan stad. Trondheim er studentbobla som eg skal reise attende til når det er UKA 2017 og late som eg framleis er student og alt er som før, bortsett frå dei tinga eg skal observere på ein liksom-skeptisk måte og sei, overlegent, "i MI tid...."

Alt til si tid.

Ingen kommentarer: