20.7.05

"Eg har henta ei flaska med sider te eg, Mari!" roper bror frå kjøkenet der han sit med nokre venninner. Eg har ikkje spurd, kanskje er det STUDIEPLASSEN han feirer? No har verken bror eller nokon andre i familien nokon gong trengt ei grunn for å feire med god mat og/eller god drikke. Nett no er det mest god drikke som vert konsumert på kjøkenet, makaroni med ost har vel aldri gått under kategorien "god mat", i beste fall "godt nok vombafyll". For ordens skuld: det er sjølvsagt far sin heimebrygga eplesider (på ekte Hardangerepler) bror roper om, ikkje noko tull.

Studieplassen er på bibliotek og informasjon, høgskulen i Oslo. Eg er litt trist for at det ikkje er Trondheim, men glad for at det er det studiet. Same som far, faktisk, berre at faget har endra seg litt sidan byrjinga av 80-talet. Heine og far har faktisk veldig lik tiltakskurve: militæret, fåfengd forsøk på historie på UiB, for so å ta bibliotekshøgskulen. Største skilnad er at den gode far var gift då han var so gamal bror er no (21), hadde jobba nokre år før han slo seg til ro med bibliotekshøgskulen. Og so vart eg, den fyrstefødde, fødd 2 månader etter han uteksaminerte. Me budde dei 8 fyrste månadane mine i blokk på Lambertseter før det vart FUSA, gode Fusa.

Det er kort mellomTrondheim og Oslo, eg gler meg til broderleg besøk.

Ingen kommentarer: