14.7.05

Han skal ha rett i ein ting, paven: Eg er forført, og eg gler meg veldig til den nært foreståande boka. Men diverre for paven er det lenge sidan det var for seint for kristendommen å få moglegheita til å veksa i mitt unge sinn, og det hadde ikkje noko som helst med Hari Påtte å gjera, det var snarare noko kristendomen sjølv, representert av dei prestar eg møtte og kristendomstimar eg hadde som undergrov der, i mi sjel altso. Nokre av dei bøkene eg sette størst pris på i barndomen var fantastiske "Drømmen om Narnia", bøker eg las om att og o att. (Unntatt den siste som var så eksepsjonelt tydeleg i den kristne bodskapen at eg ikkje likte det noko særleg).
FOR tydelege parallellar til noko anna kan verka særs forstyrrande i lesing, som å lesa HP-bøkene som allegoriar over Tyskland på 30-talet, Vortemold som Hitler og svarte trollmenn som nazistar. Og er det slik det er, då har paven enno meir feil i at unge Hari lærer born vondskap og illskap. Det er ein fasettert og vanskeleg kamp mot vondskap Råoling skildrar, og hadde eg hatt born hadde eg latt dei lese HP glatt.

Og no, eit rop om hjelp i verdsvevskogen: Kva treng eg eigentleg, denne,
med 512 noko i minne og 60 gb i harddisk eller drive eller noko, eller er det heilt fint med denne, som har litt mindre minne og litt færre gb`ar? Den oppdaterte versjonen var den mannen på eple-telefonen anbefalte. Bruken min går mest ut på epost, div.internett og tekst. Altså LESA OG SKRIVAl. Dersom eg får ånda over meg, kanskje litt musikk & bilete i tillegg. Er den ekstra plassen sopass naudsynt at den er verdt noko tusen kroner meir, eller rekk det som er frå før? OG, er det vanskeleg, evt dyrt, å oppdatere slikt seinare?

Ingen kommentarer: