2.12.03

SKEPP O` HOI!!

Eg skriv ikkje so mykje. Jo, det gjer eg, men ikkje her, på bloggen min, her eg har hjartet i handa og håve i fatle. Knis.
Ikkje hadde eg tenkt å skrive noko her i dag heller, men eg har fått eit elektrobrev som gjorde meg so glad so glad, for det syner seg at venninner i England, slike vekkreiste venninner du veit, driv å les her i blant OG DÅ MÅ DEI JO FÅ NOKO Å LESA! Ja, alle de andre og då, sjølvsagt.

Det som skjer i livet mitt for tida foregår for det meste på tysk, og heiter eksamen. I går, grammatikk. I morgon, Litteratur. Laurdag, Landeskunde. Ich habe Angst. Grammatikken skal nok stå til ein D eller kanskje mindre. Det er ikkje nok å skriva mykje svada om kor nyttig og flott konjunktiv er, når ein ikkje kan gjera greie for ein einaste hovudregel. Å prate seg vekk frå ting kan hjelpe i blant, men på grammatikkeksamen? Neppe.

Mange går ofte ut frå eksamen med ei kjensle av å ha stroke, utan å ha gjort det. Men denne kjensla eg har er ikkje noko kjensle, det er kunnskap. Kunnskap om kva eg burde ha kunnskap om som eg ikkje har kunnskap om. Eller iallefall ikkje hadde kunnskap om mellom 9 og 14:30 i går.

Eg får vona og kryssa fingrar (og det får DE OG!) om at kunnskapen som vert venta av meg mellom 9 og 15 i morgon tilsvarer den eg har i håve. Jepp.

PS. Henki Kolstad er superfin.

Ingen kommentarer: