24.7.06


I dag minnast me Bruno, 29.08.99 - 22.07.06.

Fred over minnet hans. Bruno var ein god kanin, men 7 år var nok, og i dei varme sommardagane takka han for seg. Pelsen hans var framleis mjuk som silke og fløyel, eller som mjuk kaninpels, då me la han ned i eit hol i hagen, under epletreet. Me song eit vers av Fager kveldsol smiler, og mintes korleis han pleidde å legge seg godt til rette på fanget vårt. Då stakk han snuten inn i albogen og slikka oss på underarmen. Han kom so blid og tillitsfull bort til oss når me kom med lyng eller gras til han, og han vart so glad når me kom ut til han.

Bruno var blind på eine auget etter å ha blitt skremd av ein hund. Eit år var han også skeiv i nakken, truleg på grunn av øyrebetennelse, men likevel var han ein glad kanin. Gift var han og, men eit kaninekteskap er sørgeleg avhengig av eigarane si interesse, so med åra vart det mindre samvær med Ninni. Astrid og Tale vart for opptekne av fotballen, typisk. Men Bruno klaga ikkje.

Roleg, blid, mjuk og pen. Det er slik me kjem til å hugsa Bruno. Me kjem til å hugsa den vesle, ru tunga mot hendene eller nakken vår. Me kjem til å sjå mot buret i mange veker, for å helsa krabaten god morgon. Men buret er tomt. Me får senda helsinga vår til holet i jorda under epletrea. Takk for alt du var for oss.

Ingen kommentarer: