25.12.06

Joli kjem når blomar gror
opp frå krigens brende jord...

...syng Sondre Bratland på den juleplata som må kallast "tidenes", i alle fall i familien Raunsgard. 
Og då er det i sanning jol. På frukostbordet hadde me nokre kvistar med grøne skot og blom i knopp frå hagen.  Plukka i dag. Det strøymande juleregnet  hadde teke pause no på juledagen, og hadde brote veg for eit fint lys i stova. 

Julafto var fin som julafto alltid er. Høgdepunktet var vel då besto, besten og Karifaste (syste te besten) prøvde å tolka sjølvmordskanin-korta eg fekk frå Endre og Else, ei gåve bror og eg hadde latterkrampe av i eit kvarters tid. Eg og bror har arva ein riktig kjekk eigeskap frå far vår: 
evna til å le høgt og hjarteleg av noko me les, som sjølvmordskaninene. Den eldre garde i julabesøket var litt meir usikre på kva dei skulle le av, men forsøket deira var morosamt. 

Elles fekk et to av 1964 av Ragnar Hovland. Den eine har eg byrja lese (og ler høgt), den andre skal eg byte. Kanskje i Eli Hagen-biografien? Neida. Eg skal nok byte den i "Den jacobianske bygning", av Alaa Al Aswany, som Linda Kjosaas har omsett frå arabisk. Linda var barnevakten vår før, når mamma og dei var på midifest og sånt. Ho var dødsgrei, og lot oss sjå heile Poirot før me måtte legga oss. Eg møtte henne i sommar, og ho fortalde at boka kan minna om ein arabisk bikubesong. 
Det er ikkje mykje arabisk litteratur eg har lese sidan eg var oppslukt av 1001 natt, so eg gler meg til denne. Er det elles nokon som har andre forslag til kva eg kunne bytt den ekstra boka i?

Til sist, eit julespørsmål. Vinnaren får eit fint fotografi frå jula i Raunsgards-heimen i premie. Oppgaven er eit omsett refreng av ein utanlandsk julasong, men det er ikkje Olaug Nilssen som har omsett den, det er nokre karar i Trøndelega. Kva song er det? Her kjem, fritt etter minnet:

Nidarosdomens guttekor sang englan ned i skjul
og kirkeklokkan ringt oss hjæm te jul.


PS. Eg veit ikkje kvifor tekstfeltet er blitt så breidt. Det ser heilt teit ut!
PSPS. Eg må også be om orsaking for den dårege julekalendaren. Orsak!
PSPSPS. Eg skal ikkje på tur i dag! Eg vil ikkje ha hundahove! Eg skal spela CSI-dataspel. 

Ingen kommentarer: