10.7.02

BLogger helsar meg Welcome Back, men huset er tomt. Ingen her som ynskjer meg velkomen heim!

Heile familien er i Danmark, eg har huset for meg sjølv ei veke. Eg håper på besøk...
Eg har ikkje heilt orken til å skriva alt eg har å skriva. Det har skjedd meir på dei siste to vekene enn på heile våren (slik kjennes det iallefall ut på alle musklar og ledd), og eg klarar neppe sortere hovudet skikkeleg. Men det viktigaste:

ROSKILDE
Det var skittsamt og slitsamt og kjempekjekt! Ikkje var det så skummelt som eg hadde høyrd å vasa omkring aleine der inne på området, og så mange konsertar var det at eg knapt kan hugsa alle. Nokre absolutte høgdepunkt var der:
- Å få sitja på skuldrene til sterke menn på Rammstein-konserten!
- Å stå ein halvmeter frå bandet på Jaga Jazzist (ein av dei konsertane eg hadde sett mest fram til, og som IKKJE skuffa)
- Sondre Lerche var vittig når han ropa "Okey-dokey Roskilde! Eg skal gje dåkkar det dåkkar vil ha. Dåkkar vil ha rock? Dåkkar får.....SOFTROCK!"
-Øl, i fira dagar til magen min ikkje tolte meir og det vart bacardi for alle penga (ikkje heilt alle penga, eg har handla litt klede og dill og greier)
- Erykah Badu, som kom på scena eit kvarter for seint, slo ut med armane, og eigde publikum. Det beste divashowet eg har sett på lenge!
- Bob Hund! Sjølvsagt! Det var så kult!
- At eg traff Fran Healy, Travis vokalisten, på Kastrup då eg skulle reisa. Og fekk klem. Han er berre så vidt høgare enn meg.

NMUSOMMARLEIR
Dette gjekk føre seg på Frosta. Det var kanskje ikkje like kult og spanande som førre årets leir på Færøyane, men likevel ei bra veka. Det var nokre færingar, og "eg hava lært færöyskt!" Målungdommar er bra folk, det var triveleg å treffa alle gamle kjende att.
Nynorsk er best, ingen protest!

Og so har eg jo fått meg PLASS Å BU!
Me fekk rom i kollektivet på Singsaker det kan lesast om i posten av 22.juni! Kvart vårt store, lyse, fine rom, stor stove og heilt greitt kjøken. Høgt under taket, og supersentralt! For dei som er kjende i Bergen, kan eg seia at strøket er like "pent" og sentralt som Kalfaret. Eg sov der ei natt, og GLER meg te å flytta! No skal eg bli Trondheimstudent!

Men no er eg sleten. Eg har lyst til å dusja, eg har tusen klede å vaska, og må ringa til kjøleskåpreparatør. Det er godt å vera heima, i natt ska eg legga meg tidleg.

Forresten er det keisamt å ikkje ha lese e-posten sin på to veker - å så kun ha fått to nye som er noko kule! Den eine frå Sjur. Men eg drite i ka 85% meine, eg gidd no ikkje barbera leggane berre fordi majoriteten vil ha meg te da!
Ha gode hårete sommardagar, de av dykk som skulle vera så heldige å vera der det er sommarver.

Ingen kommentarer: