22.7.02

Audiogalaxy er daud. Eg får ikkje lasta ned musikk. ÅH!

Eg oppmodar alle som har eit dritbra lastanedmusikkprogram dei er nøgde med til å senda meg eit elektronisk brev og fortelja meg om det!

Coverversjonar er eit artig fenomen. Prøvde å snakka litt med Nils om da, men han var ikkje so interessert. No hadde eg tenkt å skriva langt og lenge om mitt forhald til coverversjonar, men brått forsvann tanken. Da får vera til ein annan gong.

Far min er ein slettikkjeverst hobby-kokk. På laurdag skal han koka i eit bryllaup her i bygdo, og i dag var bruraparet + foreldre og prøvesmakte menyen. Så då eg kom heim etter 4!!!! timar på buss var da oksasteik m. supertilbehør, og mange vinar til smaking på bordet. Og is med varm bjørnebærsaus til dessert. Håh, da va ikkje verst!

Anders, du har kanskje ikkje gått så mykje på fjellet? At alle turgåarar helser på kvarandre er nok ein naturlov. Diverre går det ikkje an å forklare, det berre er slik. På fjellet helser ein på dei ein møter. Folk som møtes syklande helser gjerne og, dersom det ser ut som dei er på langtur, eller dei treffes på aude strekker. Som eit solidaritetssmil frå ein på veg nedover ein bakke til ein som balar seg oppover.
Eit anna helsefenomen - det bur omlag 3000 menneske i Fusa. Eg kjenner mange av dei, vil ikkje sei noko tal. Men det er mange av fusingane eg veit kven er, kjenner namnet til, eller så vidt har snakka med ein gong. Men eg kjenner dei ikkje.
På senteret her i Eikelandsosen, er det mange eg ikkje ville sett på ein gong.
I Bergen ville eg helst, kanskje nikka.
I Oslo, eller på eit fly ville me kanskje snakka litt.
I utlandet ville me snakka mykje.

Ein noko ustrukturert og litt keisam post. Eg er ikkje særleg nøgd med den. Men drit. Eg må sykla på jobb om 10 timar, så no skal eg legga meg.

Ingen kommentarer: