13.1.09

Kjærast og eg hadde kjøpt epler begge to i dag. Han hadde kjøpt fine og store epler. Eg hadde kjøpt små, heilt ok epler i ein stor pose.

Etter ein betre kvardagsmiddag* låg eg på sofaen og las pensumbok. Ikkje den eg burde lese, den til innleveringa på fredag, men ei anna som er meir kjekk. Og likevel - eg fekk ikkje tankane frå epla på kjøkenbenken. Eple, eple, eple, eple.

So no har me hatt eplekaka med vaniljeis til kvelds. Oppskrifta heitte "epleruter" og er å finna i Ingrid Espelid Hovig si store, raudruta.

Og det var deilig!





*God og sunn kvardagsmiddag er ikkje meir av ein vane enn at eg framleis blir stolt av oss når me gjer det.

Ingen kommentarer: