5.1.09

Heilt vanleg måndags-fred kan senka seg over husværet i Bakkegata. Me har hatt fiskegrateng til middag, og no et me yndlingssjokoladen til kjærast medan me ser yndlingsprogrammet hans på fjernsynet. Det er Dagsnytt 18. Kvar gong me ser Dagsnytt 18 på fjernsynet skjer det same klokka 18.40: fyrst forsvinn lyden, og so forsvinn biletet. Det er noko deilig nostalgisk å sjå radio på TV, sjølv om det eigentleg ikkje har noko med nostalgi å gjere i det heile tatt, og det at det forsvinn er deilig gamaldags det og.

Det har vore ein heidundrande dag. Eg har skrive so tårene renn på praksisrapporten min, og fekk endeleg levert. Det er ikkje so bra som det kunne ha vore, men det kunne ha vore verre og. Rotete vedlegg og noko tynt på referansar til faglitteraturen får vere prisen eg betaler for at eg valde familiebesøk og andredags-dans foran skriving i jula! Passe tynnslitt i nervene frå før - so det var dumt å høyra på Her og nå. Forferdelege rapportar frå Gaza fekk meg til å ligga samnkrølla og grinande i sofaen rett før eg måtte ut å levera rapporten, so då måtte eg sjå litt på Mamma Mia i sing-along-versjon for å koma meg. Hadde det berre verkeleg vore so enkelt....

(Yndlingssjokoladen til kjærast var ein takk frå meg. Han vekte meg klokka kvart på sju i dag so eg kunne stå opp og skriva og han formaterte heile dokumentet slik at det fekk sidetal og like overskrifter og anna snacks. Kva skulle eg gjort utan han?)

Ingen kommentarer: