28.11.02

Dette kunne vore forteljinga om den unge studenten Mari Raunsgard som sat oppe ei heil natt og skreiv oppgåve. Det kunne vore forteljinga om oppgåva som såg uendeleg svart ut lenge, men som til sist vart ei stor og flott og perfekt A-oppgåve.

Men det er ikkje det.

No er klokka straks sju, eg har vore på Dragvoll sidan klokka var tolv i går føremiddag. Eg har ikkje sove på 20 timar eller noko slikt. Og eg har framleis ei pinleg dårleg oppgåve som består av 1433 ord, og det er inkludert litteraturliste og framside. Dette er historia om meg og Endre som tek kaffipausar, ser TV og et snop. Det er historia om korleis Endre omsider får pressa oppgåva si til 2697 ord, og korleis eg gav opp då klokka nærma seg 4 i natt. Men eg har sørfa himla møkje, og funne mange festlege heimesider til folk eg har møtt og sambygdingar. Eg har leika meg masse med gurgle og sett på dei fine treffa på Eikelandsosen, noko som nesten gav meg heimlengt.

No er det ikkje natt lenger, men morgonkvist. Eg kan høyre det går folk oppe. Dragvoll vaknar til liv att, og natta til Endre og meg på natt-universitet er omsider over.

Eg gler meg te å dra heim og dusja og sova.

Ingen kommentarer: