7.7.08

Going down the memory lane!

Geografisk:
Eg er heime i Stallabrotet, Eikelandsosen, Fusa, Hordaland, Noreg, Verda, Mjølkevegen. I dag er det laks til middag og eg har vore innom bufellesskapet der eg for fyrste gong sidan år 2000 ikkje har sommarjobb i år.


Mentalt:
I går tok søsknene Raunsgard ein tur til vårt vakraste og mest spanande barndomsland, Narnia. Det var både fantastisk og irriterande. Det aller mest irriterande var den stygge slutten med ein song som blanda seg inn og gjorde heile filmopplevinga dårlegare. Det nest mest irriterande var kjærleikshistoria som dei hadde dikta opp. Eg skal lesa boka NØYE for å sjå om dei har belegg for denslags kliss. Og det tredj mest irriterande var dei kjappe og frekke one-linerane som var spreidd utover filmen som sukat i rosinbollar. Det skulle då vere mogleg å la ein og annan samtale vere utan? Så frekk er ikkje ei Pevensie-borna som eg kjenner! Likevel var det ein flott film. Lucy og Edmund er veldig fine og flinke, og eg likar at det er sopass rått som det er. Folk vert faktisk drept i denna filmen her, so eg veit ikkje om det er barnefilm. Men EG elskar å vere i Narnia!

"Tingleg"
I dag har eg og mor rydda og tørka støv på det gamle rommet mitt. Innerst i huset står eit museum over MARI 0 - 25 år. Posar, boksar og ein bag med fotografi og eit par halv-utfylte album. Suvenirar, greier, gåver, leiker. Bøker eg har kjøpt, fått, funne i stova og tatt med inn til meg (omlag som ei kråke samlar sølv til reiret) eller gløymd å levere attende til biblioteket. Krukker, boksar og mapper med papirlappar, postkort, utklipp, billetar. Blant alle lappane likar eg best dei som kun heiter lappar: sendt mellom meg og klassekompisar gjennom 12 års skulegong. Kvardagsleg informasjon, hemmelege forteljingar eller intern humor som ein ikkje hugsar lenger. Favoritteksempelet: "Korleis er du sett saman? Av exe?" og svaret på andre sida: "Jepp. Enn du?"

Eg er ein samlar. Eg samlar på papir, på ting og på historier og folk. Eg elskar (nesten) kvar einaste dings på det der rommet, og vil ikkje kasta noko som helst.
Takk til mor og far som lar meg få ha museet mitt!

No går eg for å kontroll-lesa "Prins Caspian".

Ingen kommentarer: