23.11.08

Ein gong budde eg i eit kollektiv på eit loft. Me hadde berre takvindauge, golvet var skeivt og sjølv om vindauga var att kom det bjørkerusk inn og la seg på senga om dagen. Der budde eg i lag med ein som er nesten to meter lang, det meste av han er armar, bein og ein latter som avslører han på ei mils omkrins. Sjølv i storsalen visste du at han var der om han lo.

Kvar laurdag og sundags føremiddag om vinteren låg han i sofaen med dei store dyne-tøflane (som stinka tåfis) og kosebukse og såg på vintersport. Han la seg oppå meg i sofaen slik at meg måtte klipa han til han gav seg. Me kledde oss ut og spelte luft-synth til Meat Loaf sitt album "Bat out of Hell".

No er han i Danmark. Eg saknar han veldig.

Ein annan er tynn som ein strek og stram som ein militær i haldning og kropp. Han har alltid matchande sko og belte, og han et rå, skrelte poteter som epler. Han pleide alltid å vere blakk fordi han brukte pengane sine på sko og kule klede i staden for f.eks mat, og foreldrene hans betalte mobilrekninga, sjølv om han syntes det er litt flaut.

Han har ein eigen dans der ein roper namnet på mooven samtidig som ein gjer det, veldig pedagogisk. Då han var eit år i militæret, noko alle var sjokka over at han gjorde, budde han på rommet mitt og spreidde rotet sitt utover når han var på besøk. Og det var så ofte han kunne.

No er han i Ålesund. Eg saknar han like mykje.

Då eg blei kjend med desse to, og me budde på loftet i Maristuvegen hadde eg korte dongeriskjørt, mørk augeskugge og rockestil. Eg studerte tysk og lot meg forføra av Samfundet, og desse to var med. 3-4 år budde me i lag, på to forskjellige stader.

I nokre av dei mest skjelsetjande åra i mitt liv.

Ingen kommentarer: