8.6.02

No skal eg straks kle meg om, til dansen i kveld. Houlin`Logs spelar på Hatlestrand! Men fyrst skal eg eta grilla laks i hagen (det rømde førti tusen tonn laks frå bolaks her i veko, og me har kjøpt nokre kilo av ein fiskande nabo), så skal eg ut til Inga og Ragnhild og drikka litt i lag med dei, Linn og Ole Gunnar. Houling logs er andre barndomsvener av oss, og eg har ikkje vore på dans med dei sidan påska. Det skal verta kjekt, hoi!

Elles er eg strålande nøgd med meg sjølv, etter at eg har sykla til Fusa (ei mil kvar veg, dersom nokon ikkje visste det) og trent i dag og. Eg blir supersprek! Framgongen er til å ta å kjenna på, dessutan klarer eg no å ta FEM armhevingar, mot før ingen. Den dagen eg tok min første skikkelege armheving var forresten Joachim nesten vitne, då det var medan eg chatta med han at eg klarte det. Ein stor augeblink, synd eg ikkje hugsar datoen.

Og apropos Joachim - kvifor spør han klokka tre null tre i bloggen sin i går: "Er MAri full?"
Eg var litt kanskje. Eg hadde drukke sider i hagen med mamma og pappa og vener av dei, mange glas seintverkande sider. Det vart litt pinleg då eg byrja kjenne verknaden (lo høgt og slikt), så eg gjekk inn. Der chatta eg med Jørgen, men eg skreiv berre mange, mange feil. Tilslutt ringte eg han i staden for, fordi eg ikkje kunne stava.

Dette byrjar å nærme seg ein rekordlang post for meg. Og det tilogmed på ein så varm og fin sommardag at alle som er inne burde tvingast ut og hivast på sjøden!
No går eg ned og flyttar eit bord i hagen.

Ingen kommentarer: