13.6.02

Takk, Astrid, me er på lag!
Eg tenkjer på det ho skriv om Torborg Nedreaas og "Av måneskinn gror det ingenting". Nils har kanskje rett i at samanlikninga med "Skråninga" ikkje passa så godt. Skråninga er ei historie som kunne vore sann. Det som hender hovudpersonen kunne vore sant, for det har hendt liknande før. Det same gjeld "Måneskinn...", og difor valde eg å samanlikna smerta i skildringane slik eg som lesar opplevde det, sjølv om bøkene (tematikk, innhald, tid, forfattar) ikkje har noko anna felles.

Å finne ei bok som liknar "Skråninga" er dessutan vanskeleg. Kanskje "American Psycho" ville vore ei meir mandig samanlikning som ville passa Nils betre, men det ville ikkje vore rett i høve til det eg prøvde å formidla; Vonde ting som kunne vore sant, og som i boka er skildra så ein kan kjenne det i magen lenge etter.
"American Psycho" var berre ekkel, eg las ho ikkje ut. Det var ikkje naudsynt å vite meir. I motsetning til "Skråninga", der drivet og ynsket om forklaring gjorde det naudsynt å lesa vidare.

Dessutan likar eg det Astrid skriv om denne Marte-dama som mange lar seg irritere og provosere av.
At det er meint som ein "inside-joke" til andre jenter/kvinner er eg ganske sikker på. Dessutan syns ho sikkert det er vittig om ho les alt dei sinte gutane skriv om henne.
Nett som på barneskulen. Gutane mot jentene, den som ropar høgast vinn.


Ingen kommentarer: