21.6.02

Detta er ein slik dag der ei kjensle av at alt er så vanvittig bra ligg i brystet og løfter hovudet fleire meter opp i lufta. Alt passar i dag. Eg er ferdig å jobba på ungdomsskulen og i vaksenopplæringa. Det er i grunnen litt trist, eg kjem til å sakne noko av det - men likevel mest bra. Eg har hatt eit lærerikt år, har sikkert lært meir enn elevane mine!

I dag har eg berre vore på avslutningar. Grilla med niande, spelt spel med åttande, ete kake med lærarane. Og så har eg fått så mykje blomar! I går kveld, på tiande sin avslutningsfest vart eg teken opp på scena av nokre jenter for å få roser "fordi me aldri kjem til å gløyma teikningane dine på tavla". Og i dag har eg fått roser av tre forskjellige klassar, bukett av lærarane, og ein blom til av ho eg har hatt vaksenopplæringa for. Og hjelpe meg, å jobbe ein stad og så slutte er verkeleg bra for egoet, så mykje skryt som eg har fått.

Og dessutan er det berre to dagar til eg dreg til Danmark!
Alt byrjer å ordna seg, alt som skal fiksast går i boks, og eg har ingenting av plikter og TINGSOMMÅORDNASTFORT hengande over meg.
Og som ikkje alle desse bra tinga skulle vere nok (det er sol! Og modne jordbær og blåbær i hagen!), så ringte mormor og fortalde at ho hadde fått fjorten tusen attende på skatten, og hadde tenkt å la noko av det drype på barnebarna.

Ja, det går rimeleg greit nett i dag. No skal eg kvila, so skal Linn og eg gå midnattstur på Ottanoso, eit av dei høgaste fjella i kommunen. Det vert bra.


Ingen kommentarer: