10.6.02

Eit fascinerande foredrag om ei særs fascinerande bok, "Skråninga" av Carl Frode Tiller. I det siste har det vorte til at eg har lese ein del ny, norsk, nynorsk litteratur.

Og denne boka er noko av det beste, men verste eg har lese. Historia om ein gal mann som sirklar inn historia si, livet sitt gjennom å skrive alt ned medan han sit på rommet sitt på psykiatrisk sjukehus. I brotstykke fortel han, hoppar frå situasjon til situasjon via assosiasjonar, i eit nesten uhyggeleg syngande og ekspressivt språk (som det står bak på boka). Og desse "sceneskifta" er satans bra gjennomførd!

Hendingane som vert skildra er ikkje like direkte og detaljerte som t.d. abortmedstrikkepinne-scena i "Av måneskinn gror det ingenting" av Torborg Nedreaas, men snik seg under huda og gjer vondare i lengda. Det er ei framandgjering i språket som gjer at omfanget ikkje synker inn i byrjinga. Så vert ein heller ikkje kvitt det så snart.
Eg las boka fort, eg skal lese henne att, snart. Og då er eg førebudd.

Og om detta er sant, er det ikkje rart eg sov forferdeleg dårleg i natt.

Ingen kommentarer: