1.8.02

Eg har ikkje så mykje å skriva om. Litt har eg jo, men eg får ikkje formulert meg. Hovudet er på sparebluss, da einaste som fungerar er dei innøvde replikkane på jobb.
Jobben går forresten ut på å sitja 5 timar dagleg i Holdhus Gamle Kyrkje og venta på turistar. Dersom det er dårleg vær kjem det få, dersom det er for godt vær kjem det få.

Heldigvis er det ikkje like spooky der som det ser ut på biletet. Ikkje så mørkt og dystert.
Likevel....
Det er ein liten grusgong rundt kyrkja, tett innved veggen. Den har vore grodd til av mose og nokså høgt gras så lenge eg har jobba der (i fjor og i år), men i år har eg fått i oppgåve å luka den og halda den grasfri. I dag oppdaga eg eit hol i grunnmuren. Der kan ein sjå inn under kyrkja.

OG DET LIGG EIN LITEN HAUG MED KNOKLAR DER!
Eg tullar ikkje! Det ligg 5-7 grøne BEIN under kyrkja!
Då eg kom heim og fortalde det til pappa kunne han fortelja at det var vanleg å gravlegga folk under kyrkjene i riktig gamle dagar. Og ikkje alle fekk kister, så det stinka heilt jævleg! Folk hadde faktisk med seg lukteposar på gudstenestene fordi liklukten var så sterk. Det lærer ein ikkje om på skulen!
Eg skal sjølvsagt byrja å ta dette med i omvisninga.

Ingen kommentarer: