3.1.10

"Hvis du hadde vore rik, ville du kjøpt diamantsmykker til meg då?" Spørsmålet kom openberrt overraskande på han. Han såg opp frå kaffikoppen og morgonavisa og berre såg på meg. "Hvis du hadde visst at eg ynskja meg det veldig?"

Eg veit ikkje kvifor eg spør sjølv heller. Det var bilete av nokre diamantsmykke i bladet eg las. Gamle smykke, kongelege diamantar. Smykke som er mykje meir verd og mykje flottare enn små diamantspon i moderne "allianseringar". Det er ikkje det at eg ynskjer meg diamantar. Det er heller ikkje fordi eg vil testa kor mykje han elskar meg. Eller jo, kanskje det er difor eg spør. Fordi diamantar er symbolet på til dømes evig kjærleik, men sidan ingen av oss har råd til dei, og eg faktisk ikkje ynskjer meg diamantsmykke må spørsmålet bli retorisk.

Eg hadde altså ikkje tenkt det ut på førehand. Og det er heller ikkje er eit spørsmål det er viktig for meg å få svar på. Likevel glepp spørsmålet ut over frukostbordet, som ein slags test, eit slags mål for kjærleiken. "Hvis du hadde vore rik, ville du kjøpt diamantsmykker til meg då?"

Men han går ikkje på, for han er eit betre menneske enn meg. "Hvis eg hadde vore heilt sikker på at den var rettferdig." er svaret hans, for han hugsar på den dimensjonen av diamantane eg hadde gløymd. At diamantindustrien er grusom. At dei blanke steinane er blod-diamantar. "Forresten veit eg ikkje om eg ville ha kjøpt rettferdige diamantar heller" fortset han, "for det blir på ein måte å støtta industrien det og."

So eg finn dataen og les om diamantar og gull. På Etiskforbruk.no finn eg ein interessant artikkel om smykker, diamantar og gull. Med eitt er eg glad for at eg ikkje er so oppteken av verdi og ekteheit på det eg pynter meg med, og eg blir stolt over at dei smykka eg har som er ekte faktisk er arvegods. Og ikkje minst: eg kan fortelja han med kaffikoppen at han kjem til å sleppa billegare unna når han blir rik: for eg vil berre ha perler. Naturperler, som til og med har ein gunstig effekt på miljøet.

Og til slutt innser eg at eg skal ha eit nyttårsforsett likavel: At eg som forbrukar skal konsentrera meg bittelitt meir, blant anna ved hjelp av etiskforbruk.no

22.12.09

I akebakken i dag fekk eg eit knall kompliment frå ein 4-åring. Eg var vikar i barnehagen, og var stasjonert ved TREET og GJERDET i enden av akebakken. Betre å treffa beina mine enn ein av dei når ein kjem i full fart på rompeakebrett.

UNNA VEI HER KOMMER JEI ropte alle ungane og sette utfor utan å sjå seg for, so delar av jobben min var å ropa til ungar som gjekk i løypo at dei måtte flytta seg, og ropa til ungane som skulle renna at dei måtte venta.

Og so kom firaåringen. Mari! Sa han te meg. Du e so veldig flink te å ropa! Det såg ut som han verkeleg meinte det. Du e flink til alt, du!

Då blei eg skikkeleg glad. Eg trur eg går på rett utdanning.

14.12.09

Sjå her no, ingen postar på lenge og so to på ein dag! Eg kom på noko i stad, nemleg.
Noko av det kjekkaste med blada eg las då eg var yngre var flausene. Den eine flaue situasjonen etter den andre, som alle førte til at ein ynskte seg ein billett til Kina, eller at eit hol kunne opna seg i bakken «som jeg kunne synke ned i». I går på flyet las eg den beste flausa eg har sett på mange år. Eg las den i bladet til kusina mi, Julia. (Namnet på bladet altså, ikkje kusina mi.) Eigentleg skulle eg skrive den i autentisk jeg-form, men det gjer eg ikkje. Her er Julia si utvalde «Ukens verste»:

Ei jente (alder ukjent) var på IKEA med ei venninne. Etter kvart som dei var der vart ho so veldig tissetrengt, og gjekk for å leite etter ein do. Heldigvis fann ho ein, so ho satte seg og tissa. Då ho var ferdig oppdaga ho at det ikkje var dopapir der. Og akkurat då ho hadde oppdaga det, høyrde ho ein rå latter! Og det var sjølvsagt ein kjempesøt gut med mora hans som stod og peika og lo. OG DÅ OPPDAGA HO AT HO HADDE TISSA I EIN UTSTILLINGSDO! DØDSFLAUT! So måtte ho berre dra på seg buksa, og saman med venninna måtte ho fortelje dei som jobba der at ho hadde tissa i utstillingsdoet. Og SJØLVSAGT viste det seg at den søte guten var fetteren til ein i klassen hennar, og då fekk alle vite om det. So no erta alle ho.

Oioioi, så glad eg er for at det ikkje skjedde med meg.
Kva ynskjer du deg til jul? Dei spør alltid, og eg veit aldri kva eg skal svara. Alt og ingenting. Reiseforsikring, vintersko, dongeribukse som ikkje blir slitt på innsida av låra? Søte serveringsbrett og ein fiskepenn frå ein dillebutikk som heiter TING?

I dag fekk eg vite om noko som eg VERKELEG ynskjer meg. Sveve-gensar! Wow altså. For ein referanse å ha på brystet, den beste eg kan tenka meg. Eg var på robotbutikken i dag, sidan eg er på juleferie på vestlandet. Der fann eg ei hårklemme med sløyfe og blom, presis ei slik ei som eg tenkte på i dag tidleg at eg burde hatt.

No har eg drukke litt mykje kaffi. Kanskje eg skal finna ut om denna kafeen tilbyr toalettfasilitetar.

6.11.09

"Sandes Ulf rykkar opp, rykkar ned. Foballen e ikkje nådig." Medan me ventar på The Shining klokka 23.15 på den deilige kanalen FEM ser me på Gullballen 2009. Fotballgalla. Eg likar det betre enn eg trudde, og det minner meg på at eg faktisk likte kjempegodt å sjå OL-sendingane frå kulturhuset Banken på Lillehammer vinterstid i 1994. Med andre ord: eg likar idrett når det er glamour, men eg vil gjerne sleppa å sjå ein heil kamp.

Men tv-kvelden har romma meir! Med ein ganske god Masi Campofiorin som følge har me sett eit dødskjedeleg Beat for Beat, eit alltid like artig Nytt På Nytt med ein rasande festleg Per Egil Hegge, me har sett Eva Joly med bandasje midt i andletet, latt oss irritere/fascinere av Skavlan si simultanomsetjing og sett Bjarte Baasland fortelja si eiga historie. Og det siste var det tristaste og mest stusselege eg har opplevd på lenge.

No rykker Alexander D With spastisk på scena ved sida av ei nesten mystisk Lene Marlin. Eg heklar, men nøstet er snart tomt. Det er like greit at The Shining byrjer snart. Eg er klar for å skvetta av skumle tvillingjenter, og prøver å ikkje sjå for meg kva dei som les dette tenker når den fyrste oppdateringa mi på veldig lenge er eit referat av tv-kvelden på NRK.

28.9.09

Hei Maria! Så vidunderleg at du er i Trondheim! Venninnedagar på rad er sjeldan kost, og desse har vore verkeleg fantastiske!

Og no kjem lenka eg lova deg, bloggen til Katie frå New York, ein blogg som gjer meg oppløfta og glad. Omlag som Upperdog på kinoen i kveld.

4.9.09

Eg har drive og tenkt på ein tekst om ferien på Kypros, ein fin og interessant tekst om korleis ferie på Kypros kan vere både klassisk sydenferie og samtidig ein lærerik ferie i eit interessant land. Eit delt land. Med deilig, deilig mat med like delar tyrkiske, midt-austenske og greske element.

Og no, midt på fredagskvelden sit eg samankrølla i sofaen (sjølv om eg burde vore ein annan stad, mingla og sosialisert) med eit glas vin frå den flaska me vann på flyplassen i Larnaca - på lykkehjul, med kvitteringen frå taxfree som innsats. Det er ein heilt okei vin til å vere gratis. Det får vere nok sagt om den. Og so les eg oppskriftsbloggar, ser på fine bilete, les interessante, fine, underfundige eller masete tekstar på andre sine bloggar.

Via ei lenke frå Astrid (søte Astrid!) fann eg denne suppeoppskrifta her, 44-kløfters kvitlauksuppe, som fekk meg til å gle meg til hausten har fått enno meir tak enn den har no. Ring om du er sjuk, so skal eg koma med den på ein termos!

Nokre gongar har eg lyst å laga matblogg sjølv, ei lyst driven av like delar ynskje om å visa kor flink eg er til å laga mat og ynskje om å kanskje inspirera nokon til å laga deilige ting som er enklare enn mange trur. Eg blir i alle fall superinspirert av alt godt, epicureatricen, 101 cookbooks. Og so sjølvsagt kokebøkene mine, som eg les på senga. Nigella, Jamie, gode gamle Ingrid - og min nyaste helt: Tessa Kiros, som du kan lesa eit heilt okei intervju med her.

Det som kjenneteiknar dei kokebøkene og matbloggane eg likar best er at tekstane er meir enn berre oppramsing av ingrediensar og framgongsmåte. Det er fine foto, historier om fyrste gong ein smakte retten, grunnen til at ein likar den, tida på året den høver best eller andre personlege tankar rundt matlaging generelt og spesielt. Skriftleg fjernsynskjøken altså. Den superjoviale og entusiastiske Jamie og sensuelle, bedagelege Nigella er velkjende, men Tessa (ja, eg er på førenamn med bok-kokkane mine), som ikkje har vore på tv, kjenner eg som familiekjær, tradisjonsbevisst og med røter frå mange ulike land og kokekulturar.

Eg skal jo ikkje prøve å vere dei, eg er lysten på å prøve å skriva min eigen matskrivestil. Men har nokon lyst å lesa om og sjå bilete av dei Jamie-inspirerte blomkål- og brokkolifylte canneloniane i tomatsaus og ostesaus som me hadde til middag i dag? Den som les detta må gjerne svara. So skal eg tenka litt meir over det.

23.8.09

Sidan sist har eg blitt sambuar. Det kjennes ikkje som eit stort skritt, me har jo budd i lag i kollektiv det siste halvåret, og i moderne, syndig tradisjon har me lenge budd meir i lag på to plassar enn eigentleg kvar for oss. Men no er alle kleda i ei leiligheit, og me veit alltid kor me skal sova: Hjå oss.

Og det er veldig fint. I føremiddag har me lese avis, drukke kaffi og høyrd på radio. So nøsta eg opp garnvasar til fine, små nøste medan han leita etter hyller på IKEA sine nettsider. No veit me litt meir kva moglegheiter som er der ute, og me nærmar oss ein heim for alle bøkene som no står i boksar og kassar bak skapet. Radiofront på p2 fortalde oss om svenske Hellsongs som covrar metalsongar, og då dei spelte "Run to the hills" byrja eg å grine litt. Det var berre for fint.

No lagar han omelett medan eg ryddar litt. Det er nesten kvalmt å blogga om, men det er jo slike dagar ein helst vil fortelja om: dagane med fin musikk, god te, aktivitetar ein vert glad og harmonisk av. Og alt i lag med han eg likar aller best å vera i lag med.

4.8.09

8.2.1993 Mandag. Kjære dagbok.
I dag var eg på kino. Alene hjemme 2. Alene hjemme 1 og 2 er dei beste filmane eg har sett. Helsing Mari

9.2. Tirsdag. Kjære dagbok.
I dag var eg på bading heilt vanleg. Helsing Mari

11. 2. Torsdag. I dag låg eg i senga til klokka var 12. Så leverte eg nokre lappar for pappa. Så gjekk eg heim å leste. Eg skal på bading. Skriv meir seinare. Helsing Mari

Det er torsdag framleis eg har vært på bading. Eg har lært å slå salto når eg hoppar. helsing Mari.

14. 2 Mandag. Kjære dagbok.
I dag mista eg ei tann. Eller...Atle trakk den ut og der sto eg. Hæ, sa eg det gjorde ikkje vondt. Helsing Mari

4.8.2009 Tysdag. Kjære dagbok.
I dag har eg rydda ut av rommet mitt. Der var det masse rare greier frå mange år tilbake. Det er både kjekt og flaut og lesa gamle dagbøker, men det blir flauare og flauare etter som eg vert eldre. Lurer på kvifor eg sparar på slikt eigentleg.
Det vittigaste er at eg har gått tilbake med penn og retta komma- og skrivefeil.

23.7.09


KOMLER

Potetene kan gjedna ve store. Da går greiare å skrella store enn dei små, da e bale. Ein skal mala potetena, og då e da greitt med kvern, for da e bale å raspa dei for hand. So blandar ein i helvta byggmmjøl (eller grynmjøl so da heitte før, da e vel da sama)og helvta kveitemjøl. Da kjem an på potetena. Hvis potetena e turre trengs da ikkje so mykje mjøl. Hvis dei e heilt nye kan da bli veldig mykje veska, og då vert dei lause. Då kanskje da e rao å ta vekk noko av safta frå dei, so du slepp å ha so mykj mjøl at dei blir harde med ein gong. Litevetta havregryn kan ein ha i, småe, dei tek i seg litt av safta. Og so e da nett so litt godt med ein bit kålrabi, malt den og. Ein kan og ha i litevetta salt.

Svineknoken kokar ein fyst, da treng lengre tid. Før, når ein hadde slakta sauena, var da ryggstykket so vart røykt og salta og kokt, og då hadde ein komler dagen etter og kokte dei i krafto etter fårekjøtet. Men no e da lika greit med svineknoke. Hvis han er lite salt kan ein ha litt salt i kokevatnet til komlene. Når knoken er ferdig og komlene skal kokast kan ein hella av noko av krafta etter knoken i ein større kjele, og heller halda knoken varm i kjelen der han var. Noko av krafta kan ein også koka kålrabi i. Komlene kan og koka i krafta frå pinnakjøt. Komlene bør ikkje fosskoka,for då e da so snart te å stivna litevetta og då kokar da vekk. Dei skal meir so trekka i ein halvtime. Hvis ein ikkje veit om komlena e faste nok kan ein fyst prøva med ei lito ei i vatnet, då ser ein om da heng saman.


Da e lurt å laga so ein har te to måltid. So treng ein ikkje eta da nesta dagen, men dagen itte. Då kan ein steika på panna i lag med flesk, og ha sirup på.

Sa Besto mi te meg. Eg spurde og grov, og prøvde å notera for meg sjølv so eg skulle hugsa alt. Biletet er eit illustrasjonsfoto frå guugle, men da ser ut om lag so da ska, komplett med surmjølk i glaset og flesk med feitt på sio. Da einaste e kålrabistappa, da bryr me oss ikkje med hjå oss.

22.7.09

Det sipar ute! Då kan eg med godt samvet sitja inne og lesa fleire flotte romanar for unge gjenter. Gårsdagens er ganske nøyaktig 10 år yngre enn Liv i dur og moll, for den fekk den same Kari joli 1934. Det er verdt å merka seg at handskrifta på tittelsida er nesten lik. Skreiv altso Kari likt då ho var 10 som då ho var 20? Ah, skjønnskrifta! Kvifor forsvann du frå grunnskulen? Men tilbake til boka - denne er omsett frå svensk, er skriven av Greta Carlson og heiter Piken som skrev til kongen. Som den førre handlar den om kor langt ein kan koma i livet sjølv om ein er foreldrelaus, berre ein er snill og klok (og pen - men då må ein vera det naturleg og ikkje vera klar over det og i alle fall ikkje bruka det medvite på nokon måte). Litt rampete kan ein vera, men det må vera pga livsglede og livleg fantasi, ikkje slemt. Eg går inn på side 84, og finn (som førre gong) noko artig og heller eksotisk for oss i vår tid. Denne unge foreldrelause heiter Borg (eigentleg Ingeborg).

"Hver uke kjøpte Irma Filmjournalen og Elisabeth skulket historien for å skulke siste filmnytt., og hun og Borg kom styrtende bort til Irma. Det gjaldt å få lest bladet før Irma klippet det istykker. Irma hadde alt tre skrivebøker med innklistrede Garbobilleder, og de andre stjernene var efter rang og verdighet enten innklistret de også, eller festet på veggen med tegnestifter.

De leste med andakt det som stod i rubrikken "Kan jeg filme?". De som vilde ha sitt ytre vurdert av sakkyndige, skulde sende inn tre uretusjerte fotografier, ett en face, ett profil og ett helfigur!

Den våren var det anledning til å ta småfotografier i dusinvis i landsbyen, små lynfotografier som ikke kostet mer for et halvt dusin enn et nummer av Filmjournalen. Venindene fattet en stor bestlunting. De ville fotografere sig og sende billedene sine til bladet.

De vilde vite om de hadde chancer som filmstjerner."

20.7.09

Liv i dur og moll heiter boka eg fann i hylla hjå Besto i dag. Ho er skriven av Arna Audhild Våge og utgjeven i 1943 på Fonna Forlag. På tittelsida, i handskrift: Til lukka med 20 års-dagen, Kari! Frå Ruth og Ingebjørg

Liv er ung og ven og ber på ein tung løyndom som ho prøver å ikkje tenka på medan ho tek pianotimar hjå ein slesking og venter på å debutera på konsertscena. Og so møter ho Tore. Tore! Det er so vakkert og friskt og positivt. Og det kunne dei vel trenga i 1943. Eg siterer:

"Dei lauvrike trekronene tøygde dei sumarfriske greinene sine over vegen til kvarandre og møttest som i kjærleik og skjønsemd og helsa god sumar og velkomen att i all den grøne lauvstasen. Det var som kvart lauvblekkja tøygde seg ut og opp og sa: Sjå på kmeg! Sjå kor livsårane er vent avteikna i meg. Sjå kor eg skjelv i sæl vårkjensle! Er eg ikkje ven? Er eg ikkje eit av undera i Guds skaparverk?

Men under trekronene reika ungdomen. Unggjentor i blomstrute, frisklete kjolar smaug seg kjælne opp med sidone av breiherda unggutar i ljos gabardin og knivkvass press i buksebeina."

Finn fram den frisklete kjolen! Kven vil vera med å reika til helga?