23.8.09

Sidan sist har eg blitt sambuar. Det kjennes ikkje som eit stort skritt, me har jo budd i lag i kollektiv det siste halvåret, og i moderne, syndig tradisjon har me lenge budd meir i lag på to plassar enn eigentleg kvar for oss. Men no er alle kleda i ei leiligheit, og me veit alltid kor me skal sova: Hjå oss.

Og det er veldig fint. I føremiddag har me lese avis, drukke kaffi og høyrd på radio. So nøsta eg opp garnvasar til fine, små nøste medan han leita etter hyller på IKEA sine nettsider. No veit me litt meir kva moglegheiter som er der ute, og me nærmar oss ein heim for alle bøkene som no står i boksar og kassar bak skapet. Radiofront på p2 fortalde oss om svenske Hellsongs som covrar metalsongar, og då dei spelte "Run to the hills" byrja eg å grine litt. Det var berre for fint.

No lagar han omelett medan eg ryddar litt. Det er nesten kvalmt å blogga om, men det er jo slike dagar ein helst vil fortelja om: dagane med fin musikk, god te, aktivitetar ein vert glad og harmonisk av. Og alt i lag med han eg likar aller best å vera i lag med.

Ingen kommentarer: