Tre ting eg har notert på gule lappar på kjøkenet:
Klokka 6 om morgonen, kaffi & Henning Mankell på kjøkenet: Keeper of the flame – Nina Simone på radioen
"Først ska vi finn ut, ta stilling til og gjøre vurdering av…"(Odd Roger Enoksen er grundig i ord)
Einar Gullvåg Staalesen. (Pans Labyrint) Du kan få lesa eventyr for meg korti som helst!
Eg hadde tenkt å spela ferdig Narnia før eg drog, men eg veit ikkje om eg greier det. Eg kjem meg fanskjærameg ikkje forbi to av kentaurane – og dei er ikkje slemme ein gong! Difor legg eg det frå meg, og freistar lese ut Henning Mankell att, Kennedys hjerne. Eg blir skremt av den boka, eg kjenner den moderne verda eller noko som eit svart hol i brystet.
I dag vakna eg også tidleg. For alle andre er det kanskje ikkje noko sensjonelt i det å vakne av seg sjølv klokka halv åtte, men for meg som kan sova til eitt om føremiddagen er det veldig fint. Stearinlys og god tid til kaffi i grålysninga. Og ”Mørkets opplevelser”, P2 sitt filmmeldarprogram på radioen. Dette er fint, dette er nyårsforsettet mitt.
4.1.07
3.1.07

Framtida gjer meg kvalm. Då eg kom heim frå ein regntung spasertur til likningskontoret,
der eg oppjusterte skattakortet, høyrde mamma på Sivert Høyem. Wasnt it ironic? Yes it was, for då eg kom inn døra song Siverten: "Now I`ve slept for three days straight. January third has found me waiting. January third has found me waiting." Og det kvalmande skjebneironiske hadde ikkje noko med resten av teksten å gjera, men det var nettopp dette med dagens dato, ventinga og sovinga som passa. Nattevaktene i jula har gjort store ting med døgnrytmen min. I går sov eg bokstavleg tala heile dagen, eg var kun vaken då eg åt middag og då eg prøvde å lesa litt etter middagen. Elles sov eg og sov eg heilt til eg vakna kvart på fem i natt/dag tidleg, spill vaken og ikkje i stand til å sova eit minutt lenger. January third starta soleis på kjøkenet med "Kennedys hjerne" av Henning Mankell,
havregraut og eit par koppar kaffi. Spaserturen i regnet var prega av Den Store Framtidsgrublinga, og eg berre ventar på ein Den Geniale Ideen, Den Store Planen, eller nokon som skal til å kome eller noko slikt. Det einaste eg veit er at det blir ikkje nokon bachelorgrad på frk. Raunsgard i år heller. Verken i tysk eller noko anna.
Ja, og so til førre tevling. Astrid hadde rett sjølvsagt, for Astrid var der då eg tok biletet og det, vener, det er fusk.
Difor vert biletet frå jula i familien Raunsgard av nettopp Astrid, der ho sender melding frå
mobiletelefonen min og har på seg smykket ho fekk av meg og Heine.
29.12.06
27.12.06
Andredag jul, ein festedag kul. Det byrja på julafto, med fylgjande tekstmelding:
"God jul, Popelku! Snakkas på andredag!". Då visste eg at no er det snart fest. I går kom denne i åttetida: "E du klar? Rekna me at du stille." Andredag e da julapub på samfunnshuset, tid for å betala 150 kroner for å stå i gongen og snakka med alle dei ein treff ein eller to gongar i året: julapub og påskepub. Sceno i gymsalen er dekorert med eit knallfint banner for bandet so spele, i år "AristoCats". Den mobile baren e køyrd ut i gongen, der sel dei halvlitersboksar helt øve i plastglas for 50 krone, i kafeterian e da vin, rusbrus og hot dog over disk. På innerlommene - du veit. To dansa på tre tima. Dagens unge menn vil rather talk than dance with me. Gamle klasse-
kameratar, prating om 10-årsjubileum i 2008. Alle ser ut til å gå ut i frå at eg skal arrangera, og da e greit da! Bodil e me og, og ho bur jo her i bygdo, men da e eg so hugsa ka alle i klassen heite. Nåken e nett like so dei alltid ha vore, nåken ha forandra seg heilt, andre att ser ut til å vera alt for unge te å koma inn, men so e da eg so e gamal. Med andre ord, det er heilt fantastisk.
Invitasjonen til vorspiel som kom på sms var so bra at eg gjer han att her:
"Jula den er her atter ein gong
på tide å dansa all night long.
Tysdag då er det pub her i Fjord`n
då blir det dansing, kanskje på bordet....
Ei samling i Naustdalen før puben da blir,
ta med deg drikke og eit sabla stort flir.
Stova er open og varm ifrå seks,
ta gjerne med musikk eller snacks.
Hjarteleg velkomen er du såvist,
satsar på at kvelden blir ein hit.
Lev vel frå Linn, Tonje og Marte.

25.12.06
Joli kjem når blomar gror
opp frå krigens brende jord...
...syng Sondre Bratland på den juleplata som må kallast "tidenes", i alle fall i familien Raunsgard.
Og då er det i sanning jol. På frukostbordet hadde me nokre kvistar med grøne skot og blom i knopp frå hagen. Plukka i dag. Det strøymande juleregnet hadde teke pause no på juledagen, og hadde brote veg for eit fint lys i stova.
Julafto var fin som julafto alltid er. Høgdepunktet var vel då besto, besten og Karifaste (syste te besten) prøvde å tolka sjølvmordskanin-korta eg fekk frå Endre og Else, ei gåve bror og eg hadde latterkrampe av i eit kvarters tid. Eg og bror har arva ein riktig kjekk eigeskap frå far vår:
evna til å le høgt og hjarteleg av noko me les, som sjølvmordskaninene. Den eldre garde i julabesøket var litt meir usikre på kva dei skulle le av, men forsøket deira var morosamt.
Elles fekk et to av 1964 av Ragnar Hovland. Den eine har eg byrja lese (og ler høgt), den andre skal eg byte. Kanskje i Eli Hagen-biografien? Neida. Eg skal nok byte den i "Den jacobianske bygning", av Alaa Al Aswany, som Linda Kjosaas har omsett frå arabisk. Linda var barnevakten vår før, når mamma og dei var på midifest og sånt. Ho var dødsgrei, og lot oss sjå heile Poirot før me måtte legga oss. Eg møtte henne i sommar, og ho fortalde at boka kan minna om ein arabisk bikubesong.
Det er ikkje mykje arabisk litteratur eg har lese sidan eg var oppslukt av 1001 natt, so eg gler meg til denne. Er det elles nokon som har andre forslag til kva eg kunne bytt den ekstra boka i?
Til sist, eit julespørsmål. Vinnaren får eit fint fotografi frå jula i Raunsgards-heimen i premie. Oppgaven er eit omsett refreng av ein utanlandsk julasong, men det er ikkje Olaug Nilssen som har omsett den, det er nokre karar i Trøndelega. Kva song er det? Her kjem, fritt etter minnet:
Nidarosdomens guttekor sang englan ned i skjul
og kirkeklokkan ringt oss hjæm te jul.
PS. Eg veit ikkje kvifor tekstfeltet er blitt så breidt. Det ser heilt teit ut!
PSPS. Eg må også be om orsaking for den dårege julekalendaren. Orsak!
PSPSPS. Eg skal ikkje på tur i dag! Eg vil ikkje ha hundahove! Eg skal spela CSI-dataspel.

9.12.06
Som ei adventsgåve til meg har blogger blitt ny. Eg tykkjer den ser lik ut, og er i grunnen ikkje so spent på utviklinga.
I god tråd med sporade-kalendaren er det tid for to nye luker:
Bak den eine gøymer det seg eit flott ord: DANSEMORO. Dette er eit ord som blir for lite brukt, det er for lite av dette i livet mitt, og eg skulle ynskje eg oftare kunne sei: "i helga var eg på dansemoro". Som ein ekstra kuriositet kan eg nemne at det var på ei slik tilstelning den unge pige Eli frå Dovre møtte sin Carl. (slik at hoi seinare kunne bli (og la oss lese i kor no) elskerinne, sekretær og hustru). Det er forøvrig også ei bok eg ynskjer meg til jul.
Bak den andre luka, den for i dag, har eg ein løyndom å avsløra, noko eg må innrømma. Noko som passar den hippe-kule-trendy studenten dårleg, men som eg likevel ikkje er flau for å stå for. Eg ELSKAR plata "20 år med oss - Kikki, Bettan, Lotta" . Eller "Vem e det du vill ha", som er undertittelen. Eg vert lukkeleg av å høyre på den plata, den er den einaste som fungerar når eg skal rydde rommet. Eg elskar Bettan, ho er ein fabelaktig artist.
No må eg ta det siste brettet med lettare mislukka rundstykker ut av omnen. I dag skal eg på ein hemmeleg julefest, og eg skal innfinna meg der om ein halvtime. Må berre vaska opp etter bakinga, dusja og kle på meg fyrst.

7.12.06
Ånei! Eg fekk rett! Eg meinte det ikkje seriøst, det var ikkje meininga at de skulle tenkje på det!
Dagen slukee re its ommarlegb ildea ve ij entes oml iknarl ittp åm eg,i allef alls tilen. (Løys koden!)

6.12.06
Eg som hadde tenkt å laga adventskalender kvar dag! Men regelmessig har aldri vore eit stikkord for meg, anten me snakkar om blogging, intensjonar, skulearbeid, kosthald og anna. Sporadisk, det er meg.
I dagens luke kan eg tilby nokre godbitar:
Ein språktest frå Språkrådet som handlar om og eller å. Det er med skam å melda at eg ikkje hadde alt riktig. Flaut, men
Denne stakkar anda fortener kanskje ikkje at me ler, men eg ler litt likevel.
Til sist, ei lenke om barnetimen-redaksjonen si nye redaksjonelle avgjerd. Eg tykkjer ikkje "negerkonge" er so gale. Dersom ein verkeleg skal gå inn i små ting som kanskje ikkje er heilt politisk korrekte er det mange bøker som bør fiksast litt på. Born klarer å sjå skilnaden. Kva gjer det med "Negergutten Hoa" av Torbjørn Egner? Det blir vanskeleg å "fjerne støytande ord" i den! Skal alt gamalt berre fjernast og bytast ut med nye, trygge og ufarlege ord?
No skal eg lesa Prinsessebladet eg har kjøpt og drikka brus samstundes som eg ser eit tv-program om den nordiske mannen som far. Simultankapasitet. Digg.

3.12.06

I dag tek eg to luker i ein smekk,fordi eg ikkje skreiv noko i går. I går var det berre so vidt eg såg ei datamaskin ein gong, og det var fordi eg fekk besøk.
Dagens og gårsdagens luker innheld dette: noko ein kan lære noko av, og ein kjempeartig vits i teikningform. Hurra-ur.
1.12.06

Det er fyrste desember i dag, og adventstid. Hipp hurra! Sjølv om det er ca 20 grader ute og metereologisk institutt har sett i gong pollenmålingar tre månader tidlegare enn vanleg tenker eg på jula og blir glad. Og fyrste luke i adventskalenderen innheld ein kjekk ung mann, aktuell med ein knakande bra film. Har eg høyrd. Når eg tenkjer meg om er eg litt usikker på om det er filmen eller mannen som skal vere so bra, eg skal sjå den snart og fortelje resultatet.
All I want for christmas er den nye CD`en til Take That og ein tube med Elisabeth Arden eight hour cream.
27.11.06
Ja, då er tida komen for å bringe fasiten fram i lyset på den store, subjektive litteratur-tevlinga! Eg byrjer med det siste spørsmålet, nummer 7. Dr. H svarer at det er han sjølv som har drepe kursiv, og det kan kanskje vera, men det var ikkje han eg tenkte på. Den mest irriterande kursiv-bruken eg har lese i heile mitt liv er nemleg: Dæn Brawn. (eg skriv det slik for å unngå å gooogling, den nye folkesporten(
1. Kven treng kjærleik? Oooooo kven treng kjæ-ærleik?
Her har dr. H heilt rett. Det er Maria, nærare bestemt Maria Magdalena. Og boka: Få meg på for f av Olaug Nilssen.
2. Død, kvar er brodden din?
Åja, der er den. (Den rolege gule hunden med brillene, Eva Jensen) Det kan hende Maria har rett her, og at det står i bibelen og, men det har ikkje eg lese i alle fall.
3. Kva gjer småfuglane i skogen i staden for å synga når du nettopp har drepe leikekameraten din?
Dei hveser. (Skråninga, Carl Frode Tiller)
4. Skyt Helene seg, der på gata utafor kafeen?
(SPOILERALARM!) Nei, ho stikk pistolen i munnen og trekk av, men det skjer ingenting. (Knutar, Gunhild Øyehaug)
5. Kva finst i det ytste mørke?
Her har dr. H sjølvsagt heilt rett! Ein stengd kiosk, med huntonittplater foran vindauga. (Mord i skilpaddekafeen, Ragnar Hovland)
6. Kva døydde Sara av 20. juli 1997?
Spiseforstyrrelsar. Stakkar Sara! (Store stygge dikt, Ruth Lillegraven) Feil, dr H!
Eg tek atterhald for alt som kanskje har endra seg litt i hukommelsen min. Eg har nemleg ikkje sjekka so veldig nøye at eg hugsar alt rett. Men eg tek ingen kritikk, eg sa det kom frå hovudet mitt.

21.11.06
TEVLING
Dette er ein quiz med spørsmål frå mine favorittbøker. Det er ikkje vanskeleg i det heile om du er inni hovudet mitt, men kanskje litt vanskeleg om du ikkje er det.

Og til sist, eit spørsmål frå ei bok eg ikkje tykkjer er noko særskild god, men som er ganske spanande og drivande likevel.
7. Kven drap kursiv?
Heider og ære til den som klarer det. Ho eller han har god smak i bøker.

7.11.06
I kveld er det premiere! Då er det kjekt å få omtale i Adresseavisa. Det skal bli fint, eg tykkjer det er ei fabelakit forestilling me har fått til, sjølv om innsatsen min har blitt ein del prega av mange jarn i elden og nedsatt almenntilstand. Seinare blir det sjølvsagt premierefest. Me har operert med eit straffesystem i produksjonen, der ein får kryss kvar gong ein kjem for seint, mobilen ringer med lyd eller skodespelarane kjem ut av teksten. Etter eit visst tal kryss må ein kjøpe ei flaske champagne til premierefesten. Det blir ein del champagne. (Det blir nok nedsatt almenntilstand i morgon og.)
Kom på forestillinga! Det blir servert te og bollar. Dersom du ikkje er typen som likar teater lover eg at du ikkje kjem til å keie deg uansett. (Det varer eit kvarter).
(Bestill billett på sit-billett@samfundet.no.)

Abonner på:
Innlegg (Atom)