2.1.02

Noko av det kulaste som hendte på nyttårsafta var at eg for omtrent fyrste gong ikkje fekk avsky som reaksjon på mine ubarberte armholer. Ein ung mann sa faktisk at det ikkje berre var tøft, men faktisk seksuelt. hah! Det var det eg visste, at alle dei som seier det er ekkelt - dei er teite.

Eg gidd aldri barbera meg under armane, men det er ikkje av feministiske grunnar. Det er fordi det er keisamt, og oppleves som så teit når det veks ut etter ein halv dag uansett.

Aller fyrst hadde bestevenn Ragnhild lagd utruleg god middag til dei andre bestevenninene mine. Så gjekk me til festen der Ingvill sin kjærast var. Me opptrådde med trestemt julasong me hadde øvd inn. Så såg me fyrverkeriet frå Johanneskyrkja. Så gjekk me til eit hus og stakk innom tre forskjellige festar. Kjente ikkje så mange der, så me gjekk tilbake til den andre festen. Der var me til me vart kasta ut klokka fem. Me vassa heimover, med forsiktige steg over isen.

Dagen etter lukta det røykogdrit av kjolen min.

Men alle var eininge om at det var ein super fest.

Ingen kommentarer: