17.1.02



Det er så fantastisk greit å ha ein minidisc! Å kunne ha musikk i øyrene ALLTID om ein vil! Det er heilt fantastisk, og no har eg kjøpt nye, skikkelege øyretelefonar istadenfor slike små vonde til å ha inni øyrene, og då vert alt tilogmed enno betre.

Då eg gjekk heim frå jobb i dag, høyrde eg på The Pixies i minidiscen min. Pixies hadde eg aldri høyrd om eller på før førre helg, og sidan det har eg lasta ned omlag 15 songar av dei, og spelt inn på minidisc. Eller småplate som eg likar å kalle det. God målungdom som eg er.

Uansett.

Idag gjekk eg altså heimover og høyrde på the Pixies. Den eine songen deira, Tame, har eit vanvittig kult parti med ei stønnande kvinne ."ahaha ahaha".
Eg stønna med, danste litt og spelte luftgitar, og hadde det i grunnen dritbra. Det var det kulaste som har skjedd i dag, og meir skal det ikkje til før eg vert lukkeleg.


Ingen kommentarer: