26.8.11

Wayback

Ei spinkel jente med kort skjørt og høge hælar virrar passerer meg for tredje eller fjerde gong. Ho ser seg rundt, snur seg ein runde og stoppar til slutt ein forbispaserande vaktmester og spør etter bygg 6b.

Eg sit ute i gangen, ein gut set seg i sofaen ved sida av meg, og han møter blikket mitt når eg prøver å snikkikke på han for å vurdere alder og påkledning og soleis stje han i bås. Han har hettejakke, svart, og t-skjorte med kvit skrift. Eg får ikkje til å sjå kva det står, men det er mest truleg noko artig eller ironisk eller ein finurleg observasjon. No sjekkar han kvitteringa frå Tapir, bokhandelen, og dreg ei bok opp frå den fulle handleposen sin. Det er Dybvig & Dybvig, pensum i examen philosophicum på NTNU.

Eg er på Dragvoll, den delen av NTNU som husar humaniora og samfunnsvitskaplege fag. Det var her eg gjekk då eg sjølv var ny student i byen: optimistisk, blid og med ei kjensle av at noko stort var i vente og heile livet låg foran. Då var eg tøff og kul, eg hadde masse hårspray og svart augesminke, eg gjekk på konsertar og på nachspiel og hadde generelt trua.

Det hadde vore fint å vist fram nokre bilete frå den tida, men sjølv om eg var teknologisk nok til å ha ein blogg, so hadde eg ikkje digitalt kamera. Alle bileta eg tok var med eingongskamera, og uansett fins det ikkje slike bilete som eg vil ha. Meg i forelesningssalane. Den einaste med handa oppe i fonetikk-forelesninga, truleg med eit nonchalant uttrykk, eit forsøk på å sjå tøff og likegyldig ut slik at det berre skulle vere KULT og ikkje SMISKANDE å ha svaret på det læraren spør om. Med kaffi på sito, saman med nokon eg nett hadde møtt og eigentleg ikkje kjende. Eller frå den gongen Endre og eg døgna, sat i datasalen "Grava" for å skriva oppgåve i Ex.phil Modul 2.

Er det riktig at 20-åra er dei lukkelegaste i livet? Det trur eg faktisk so gjerne. Det er i alle fall ganske deilig å sitje her på Dragvoll og mimre tilbake dei opne tidene då framtida låg foran og skogane song bak. Fy søren, det var tider det!

Den einaste som plystrar medan han går gjennom gangane er ein fyr med blodgjevar-t-skjorte og arbeidsbukse. Han har ein verktøykasse i den eine handa, og feiebrett og kost i den andre.
Seier det noko om lukke-nivået?

2 kommentarer:

Sigrun sa...

Eg er aldri inne på denne bloggen din, Mari, men er nøgd med at når eg no for ein gongs skuld er det, er dette innlegget det siste.

Eg hugsar eit bilete vi tok av deg første dag på Dragvoll, men veit ikkje om det framleis finst nokon plass. Du sit utanfor ein inngang langt baki vekki ein plass og gliser og held eit ark der det står "LÆRAR OM FIRE ÅR".

Mari sa...

Åh, ja! Eg hugsar det biletet. Eg lurte på om eg skulle skriva om det faktisk, men då blei det so langt. Fy flate, det var tider, Sig! Då me sykla omkring med Cutien og Prittien og plystra på Downtown!