7.3.09

Dette lyt du bera


Dette lyt du bera;
at du ikkje strakk til,
at du var venglande fjør,
ikkje oddtung pil
i den sterke vinden.

Du kleiv ikkje bergi,
rodde ikkje vatnet,
fullførte ikkje bachelorgraden,
Skreiv ikkje ROMANEN,
som du, så lenge, hadde tenkt på.

Um du var snøa med snø,
driven med dogg,
slegen med regn,
kunne du blitt inne.
Renberg diskuterte
bøker som sterkt,
utforska sin eigen ståstad;
du sat og strikka
superenkle panneband.

Ein gong fær du,
ender og gong,
kliva bergi,
ro vatnet,
skriva boka,
fullføra graden.
Då får du sjå om ditt liv
vert fullbyrda.

Ingen kommentarer: