26.8.11

Wayback

Ei spinkel jente med kort skjørt og høge hælar virrar passerer meg for tredje eller fjerde gong. Ho ser seg rundt, snur seg ein runde og stoppar til slutt ein forbispaserande vaktmester og spør etter bygg 6b.

Eg sit ute i gangen, ein gut set seg i sofaen ved sida av meg, og han møter blikket mitt når eg prøver å snikkikke på han for å vurdere alder og påkledning og soleis stje han i bås. Han har hettejakke, svart, og t-skjorte med kvit skrift. Eg får ikkje til å sjå kva det står, men det er mest truleg noko artig eller ironisk eller ein finurleg observasjon. No sjekkar han kvitteringa frå Tapir, bokhandelen, og dreg ei bok opp frå den fulle handleposen sin. Det er Dybvig & Dybvig, pensum i examen philosophicum på NTNU.

Eg er på Dragvoll, den delen av NTNU som husar humaniora og samfunnsvitskaplege fag. Det var her eg gjekk då eg sjølv var ny student i byen: optimistisk, blid og med ei kjensle av at noko stort var i vente og heile livet låg foran. Då var eg tøff og kul, eg hadde masse hårspray og svart augesminke, eg gjekk på konsertar og på nachspiel og hadde generelt trua.

Det hadde vore fint å vist fram nokre bilete frå den tida, men sjølv om eg var teknologisk nok til å ha ein blogg, so hadde eg ikkje digitalt kamera. Alle bileta eg tok var med eingongskamera, og uansett fins det ikkje slike bilete som eg vil ha. Meg i forelesningssalane. Den einaste med handa oppe i fonetikk-forelesninga, truleg med eit nonchalant uttrykk, eit forsøk på å sjå tøff og likegyldig ut slik at det berre skulle vere KULT og ikkje SMISKANDE å ha svaret på det læraren spør om. Med kaffi på sito, saman med nokon eg nett hadde møtt og eigentleg ikkje kjende. Eller frå den gongen Endre og eg døgna, sat i datasalen "Grava" for å skriva oppgåve i Ex.phil Modul 2.

Er det riktig at 20-åra er dei lukkelegaste i livet? Det trur eg faktisk so gjerne. Det er i alle fall ganske deilig å sitje her på Dragvoll og mimre tilbake dei opne tidene då framtida låg foran og skogane song bak. Fy søren, det var tider det!

Den einaste som plystrar medan han går gjennom gangane er ein fyr med blodgjevar-t-skjorte og arbeidsbukse. Han har ein verktøykasse i den eine handa, og feiebrett og kost i den andre.
Seier det noko om lukke-nivået?

23.8.11

App til folket?

Eg har ikkje ipod eller ipad eller tripod.
Men eg har mac.

Sidan to veker sidan har eg faktisk NY mac, nemleg ein tynn og lekker MacBook Air.
Og den har AppStore, so no er eg i gong med dingsar som skal gjere livet lettare, og so langt har eg skaffa meg desse to, som begge to FAKTISK bidreg til å strukturere og lar meg Få Ting Gjort:

Awareness, som lagar ein dingelyd når eg har heldt på ein time på dataen (og som då oppmodar meg om å ta 5 minutt pause før den nullstiller teljinga), og
Pomodoro, som med tankegong etter the Pomodoro Technique gjer meg 25 minutt til å jobba effektivt med ei vald oppgåve før eg får 5 minutt til å ta pause. Og ja, den tikkar høgt.

16.8.11

August

Det regner igjen, og sjølv om det eigentleg er keisamt at det regner, og sjølv om det fører til overstadige elver og flaum som får meg til å lura på om han der crazy radiopastoren hadde eit poeng med vårens profetiar, so må eg innrømma at eg (på eit ordentleg personleg, mikronivå) likar det, fordi det luktar
SO
GODT.