20.2.12
Internett er ein tidstjuv. Internettet kan sluke gode minutt og gjere dei til alt for lange timar slik at det berre er verkande auge og ei kjensle av å ha sløst med noko viktig igjen.
Men internett kan og vera utruleg fint:
Nokon har gjenoppstått Olav H Hauge på twitter.
Nokon legg ut vakre og fristande bilete av hytter og skjul.
Nokon er gode til å snakka med born.
Nokon er so fargerik at dei nesten er best i små dosar.
Nokon lever det enkle livet.
Nokon siglar.
Nokon bruker bloggen sin sjeldan, men mest for seg sjølv.
Men internett kan og vera utruleg fint:
Nokon har gjenoppstått Olav H Hauge på twitter.
Nokon legg ut vakre og fristande bilete av hytter og skjul.
Nokon er gode til å snakka med born.
Nokon er so fargerik at dei nesten er best i små dosar.
Nokon lever det enkle livet.
Nokon siglar.
Nokon bruker bloggen sin sjeldan, men mest for seg sjølv.
26.11.11
5.11.11
Ein del av andre sine liv
Denne laurdagsmorgononen starta tidleg, og me hadde betre tid enn på lenge. Og me veit kva det tyder!
Det tyder dekka frukostbord, speilegg med chili & estragon og ikkje minst: Radiodokumentaren på P2 klokka 10.03. Dagens dokumentar heiter Epilog for herr Bodin, med undertittel et forsøk på å forstå en psykopat. Det er ein sterk, men fin start på dagen. Ei ung jente som fekk livet sprengt i fillebitar då ho var born, og som no snakkar med andre psykopaten har påverka liva til. Ho nærmer seg borna og dei tidlegare kjærastane til psykopaten på ein open og ærleg måte, forsiktig og spørjande. Fordi ho treng å forstå.
Det er ein fin dokumentar. Den trenger seg ikkje på som store ord eller brutale bilete på ei avisframside, men er sår og sterk. Tårene renn, eg er jo so sart, eg klarer ikkje la vere. Då dokumentaren er slutt og nyhenda byrjer, utspelar følgande samtale seg rundt bordet:
- Me burde stå opp før 10 kvar laurdag.
- Så me kan høyra radiodokumentaren?
- Ja!
- Så du kan grin litt?
8.9.11
Fjellbekkstemme
Me starta dagen med skrapelodd, ein kopp kaffi, skjeva med intaliensk salat, kokt skinka. Og radio, alltid radio innstilt på P2. Det er den beste radiokanalen, det er den ålmenne oppfatninga rundt dette kjøkenbordet her.
Men i dag fekk eg litt nok av å til stadig høyra spekulasjonane på kor han der Gaddafi, Khadafi, Glaffi har gøymd seg. Morgonsola på skrått inn! Som får kornåkrane, det som er att av dei velåmerka til å skina som gull! Nei, eg orka ikkje meir av radioen då. Nei, då vil eg heller høyra på musikk på spotify, inspirert av eit gamalt morgonblad.
Eg vil høyra Slinkombas! Eg vil høyra musikk som veksler mellom det utagerende og det einstøingaktige, melankolsk og fjollete om hverandre, med Kirsten Bråten Bergs fjellbekkstemme som en skimrende sølvtråd mellom låtene.
Slinkombas – Gamle Gunleik, Slåttestev Frå Tovdal
Men i dag fekk eg litt nok av å til stadig høyra spekulasjonane på kor han der Gaddafi, Khadafi, Glaffi har gøymd seg. Morgonsola på skrått inn! Som får kornåkrane, det som er att av dei velåmerka til å skina som gull! Nei, eg orka ikkje meir av radioen då. Nei, då vil eg heller høyra på musikk på spotify, inspirert av eit gamalt morgonblad.
Eg vil høyra Slinkombas! Eg vil høyra musikk som veksler mellom det utagerende og det einstøingaktige, melankolsk og fjollete om hverandre, med Kirsten Bråten Bergs fjellbekkstemme som en skimrende sølvtråd mellom låtene.
Slinkombas – Gamle Gunleik, Slåttestev Frå Tovdal
26.8.11
Wayback
Ei spinkel jente med kort skjørt og høge hælar virrar passerer meg for tredje eller fjerde gong. Ho ser seg rundt, snur seg ein runde og stoppar til slutt ein forbispaserande vaktmester og spør etter bygg 6b.
Eg sit ute i gangen, ein gut set seg i sofaen ved sida av meg, og han møter blikket mitt når eg prøver å snikkikke på han for å vurdere alder og påkledning og soleis stje han i bås. Han har hettejakke, svart, og t-skjorte med kvit skrift. Eg får ikkje til å sjå kva det står, men det er mest truleg noko artig eller ironisk eller ein finurleg observasjon. No sjekkar han kvitteringa frå Tapir, bokhandelen, og dreg ei bok opp frå den fulle handleposen sin. Det er Dybvig & Dybvig, pensum i examen philosophicum på NTNU.
Eg er på Dragvoll, den delen av NTNU som husar humaniora og samfunnsvitskaplege fag. Det var her eg gjekk då eg sjølv var ny student i byen: optimistisk, blid og med ei kjensle av at noko stort var i vente og heile livet låg foran. Då var eg tøff og kul, eg hadde masse hårspray og svart augesminke, eg gjekk på konsertar og på nachspiel og hadde generelt trua.
Det hadde vore fint å vist fram nokre bilete frå den tida, men sjølv om eg var teknologisk nok til å ha ein blogg, so hadde eg ikkje digitalt kamera. Alle bileta eg tok var med eingongskamera, og uansett fins det ikkje slike bilete som eg vil ha. Meg i forelesningssalane. Den einaste med handa oppe i fonetikk-forelesninga, truleg med eit nonchalant uttrykk, eit forsøk på å sjå tøff og likegyldig ut slik at det berre skulle vere KULT og ikkje SMISKANDE å ha svaret på det læraren spør om. Med kaffi på sito, saman med nokon eg nett hadde møtt og eigentleg ikkje kjende. Eller frå den gongen Endre og eg døgna, sat i datasalen "Grava" for å skriva oppgåve i Ex.phil Modul 2.
Er det riktig at 20-åra er dei lukkelegaste i livet? Det trur eg faktisk so gjerne. Det er i alle fall ganske deilig å sitje her på Dragvoll og mimre tilbake dei opne tidene då framtida låg foran og skogane song bak. Fy søren, det var tider det!
Den einaste som plystrar medan han går gjennom gangane er ein fyr med blodgjevar-t-skjorte og arbeidsbukse. Han har ein verktøykasse i den eine handa, og feiebrett og kost i den andre.
Seier det noko om lukke-nivået?
23.8.11
App til folket?
Eg har ikkje ipod eller ipad eller tripod.
Men eg har mac.
Sidan to veker sidan har eg faktisk NY mac, nemleg ein tynn og lekker MacBook Air.
Og den har AppStore, so no er eg i gong med dingsar som skal gjere livet lettare, og so langt har eg skaffa meg desse to, som begge to FAKTISK bidreg til å strukturere og lar meg Få Ting Gjort:
Awareness, som lagar ein dingelyd når eg har heldt på ein time på dataen (og som då oppmodar meg om å ta 5 minutt pause før den nullstiller teljinga), og
Pomodoro, som med tankegong etter the Pomodoro Technique gjer meg 25 minutt til å jobba effektivt med ei vald oppgåve før eg får 5 minutt til å ta pause. Og ja, den tikkar høgt.
16.8.11
August
Det regner igjen, og sjølv om det eigentleg er keisamt at det regner, og sjølv om det fører til overstadige elver og flaum som får meg til å lura på om han der crazy radiopastoren hadde eit poeng med vårens profetiar, so må eg innrømma at eg (på eit ordentleg personleg, mikronivå) likar det, fordi det luktar
SO
GODT.
SO
GODT.
24.7.11
Tung tids tale
TUNG TIDS TALE
Det heiter ikkje: eg – no lenger.
Heretter heiter det: vi.
Eig du lykka så er ho ikkje lenger
berre di.
Alt det som bror din kan ta imot
av lykka di, må du gi.
Alt du kan løfte av børa til bror din,
må du ta på deg.
Det er mange ikring deg som frys,
ver du eit bål, strål varme ifrå deg!
Hender finn hender, herd stør herd,
barm slår varmt imot barm.
Det hjelper da litt, nokre få forfrosne,
at du er varm!
Haldis Moren Vesaas
Det heiter ikkje: eg – no lenger.
Heretter heiter det: vi.
Eig du lykka så er ho ikkje lenger
berre di.
Alt det som bror din kan ta imot
av lykka di, må du gi.
Alt du kan løfte av børa til bror din,
må du ta på deg.
Det er mange ikring deg som frys,
ver du eit bål, strål varme ifrå deg!
Hender finn hender, herd stør herd,
barm slår varmt imot barm.
Det hjelper da litt, nokre få forfrosne,
at du er varm!
Haldis Moren Vesaas
23.7.11
Grand Canyon i Hjartet
Når Anakin Skywalker gjer etter for sinnet og angsten, når han lar det ytste mørket og den største ondskap sleppe laus - då drar han til jedi-tempelet og drep, massakrerer borna. The younglings.
Då eg såg det, på film, opna det seg eit botnlaust krater inni meg, fordi eg evner å leve meg inn i ting, og fordi det var ei so uendeleg forferdeleg og vond handling.
Men det er ikkje film i dag.
So krateret stenger seg ikkje når neste scene er noko fint og godt, noko som kjemper for dei gode kreftene. Krateret blir til eit grand canyon i hjartet, ei revne, eit sår som ikkje gror når alt går godt til slutt slik filmkjenslene er det. For korleis kan det gå godt til slutt?
Det er ikkje tenkt ondskap, det er ikkje produsert og fostra av fantasti. Det er som leopoldseplet i ei Nesbø bok, eit streif av noko ekte i ei fiktiv ramme. Og det ekte gjer so vondt.
Tankane våre, medkjensla vår som eit heilt folk går til dei som var der, Oslo, Utøya.
Til dei som har fått svar om familie og vener.
Til dei som venter på svar.
Men venner!
Mist ikke troen på mennesket. Mennesket er som et hav. Selv om noen få dråper er skitne, blir ikke havet skittent ~ Mahatma Gandhi
22.7.11
Ta vare på kvarandre!
Oslo, Oslo!
Eg har aldri vore so takknemleg for facebook og statusoppdateringar som i dag. For kvar som skriv eg er trygg, eller eg er i god behald blir eg litt lettare. For kvar usikre bit informasjon, særleg om Utøya (UNGDOMMAR!) blir eg tyngre og tyngre, meir og meir skremt.
Medkjensla mi går ut mot dei som ikkje får dei gode beskjedane.
Nasjonalismen og dei spissformulerte kommnetarane om innvandringskontroll gjer meg kvalm og redd, men følgande status frå facebook er ei spire av noko eg trur på:
Sammen bestemmer vi konsekvensene av ugjerningene. Ikke la hatet vinne.
Det er alltid tid for å ta vare på kvarandre, og no meir enn i går, og nokon gongar er det ekstra riktig med eit dikt:
Det heiter ikkje: eg - no lenger.
Heretter heiter det: vi.
Eig du lykka så er ho ikkje lenger
berre di:
Alt det som bror din kan ta imot
av lykka di, må di gi.
Alt du kan løfte av børa til bror din,
må du ta på deg.
Det er mange ikring deg som frys,
ver du eit bål, strål varme frå deg!
Hender finn hender, herd stør herd,
barm slår varmt imot barm.
Det hjelper da litt, nokre få forfrosne,
at du er varm!
Halldis Moren Vesaas
Abonner på:
Innlegg (Atom)