25.5.10


Thirteen i Dr. House er arveleg disponert for Huntingtons disease, her i Noreg også kjend som "Setesdalsrykkja". Ei rykkja høyres nesten ut som noko kjekt, men det er det ikkje. Det er ikkje so artig det heller. Thirteen er redd, og vil helst ikkje få vita om ho er sjuk før ho blir det for alvor. House, den kødden, byter ut den koffeinfrie kaffien hennar med ein koffeinhaldig for å skremme henne, for å få henne til å fortelja kva løyndomen hennar er, for ho er privat av seg, medan House er besett på å vite.


Eg høyrer på det fantasiske radioprogrammet Verdt å vite på p2 medan eg koker kikerter. Dei snakkar ikkje om House og Thirteen, dei snakkar om Huntingtons. Dei snakkar med ein nevrolog, og med ei som har skrive bok om å leve med sjukdommen. Sjukdommen går laus på både kropp og sinn, ein skjelv på ein måte som har blitt sagt at liknar på dans. Og so endrar ein personlegdom.

Det er ikkje noko Huntingtons i familien min. Men Parkinsons. Eg er ikkje redd, men eg tenker på det.

11.5.10



Eg er heime att! Eg har ikkje tenkt å legga ned slovakiamari heilt enno, for det er mykje meir eg ikkje har skrive om frå dei innhaldsrike siste månanadane. Men nett no: Mat som latar som det er annan mat. I love internet.

3.5.10

Eg bles gradvis liv i også denne bloggen.
Og det gjer eg med ei litt flau historie frå eige liv,
framført i kortfatta Aggi-stil.

I kveld, når eg høyrde på Detektivbyrån gjekk det opp eit lys for meg.
For den superfine songen
"kärlekens alla färjor"

handlar jo slett ikkje om ferjer!


(Eg skulder på deg, Edvard Hoem, for at du forvirra meg.)

17.1.10

No har eg reist til Slovakia for 4 mnd utveksling. I høvet kan du finna meg HER.

3.1.10

"Hvis du hadde vore rik, ville du kjøpt diamantsmykker til meg då?" Spørsmålet kom openberrt overraskande på han. Han såg opp frå kaffikoppen og morgonavisa og berre såg på meg. "Hvis du hadde visst at eg ynskja meg det veldig?"

Eg veit ikkje kvifor eg spør sjølv heller. Det var bilete av nokre diamantsmykke i bladet eg las. Gamle smykke, kongelege diamantar. Smykke som er mykje meir verd og mykje flottare enn små diamantspon i moderne "allianseringar". Det er ikkje det at eg ynskjer meg diamantar. Det er heller ikkje fordi eg vil testa kor mykje han elskar meg. Eller jo, kanskje det er difor eg spør. Fordi diamantar er symbolet på til dømes evig kjærleik, men sidan ingen av oss har råd til dei, og eg faktisk ikkje ynskjer meg diamantsmykke må spørsmålet bli retorisk.

Eg hadde altså ikkje tenkt det ut på førehand. Og det er heller ikkje er eit spørsmål det er viktig for meg å få svar på. Likevel glepp spørsmålet ut over frukostbordet, som ein slags test, eit slags mål for kjærleiken. "Hvis du hadde vore rik, ville du kjøpt diamantsmykker til meg då?"

Men han går ikkje på, for han er eit betre menneske enn meg. "Hvis eg hadde vore heilt sikker på at den var rettferdig." er svaret hans, for han hugsar på den dimensjonen av diamantane eg hadde gløymd. At diamantindustrien er grusom. At dei blanke steinane er blod-diamantar. "Forresten veit eg ikkje om eg ville ha kjøpt rettferdige diamantar heller" fortset han, "for det blir på ein måte å støtta industrien det og."

So eg finn dataen og les om diamantar og gull. På Etiskforbruk.no finn eg ein interessant artikkel om smykker, diamantar og gull. Med eitt er eg glad for at eg ikkje er so oppteken av verdi og ekteheit på det eg pynter meg med, og eg blir stolt over at dei smykka eg har som er ekte faktisk er arvegods. Og ikkje minst: eg kan fortelja han med kaffikoppen at han kjem til å sleppa billegare unna når han blir rik: for eg vil berre ha perler. Naturperler, som til og med har ein gunstig effekt på miljøet.

Og til slutt innser eg at eg skal ha eit nyttårsforsett likavel: At eg som forbrukar skal konsentrera meg bittelitt meir, blant anna ved hjelp av etiskforbruk.no

22.12.09

I akebakken i dag fekk eg eit knall kompliment frå ein 4-åring. Eg var vikar i barnehagen, og var stasjonert ved TREET og GJERDET i enden av akebakken. Betre å treffa beina mine enn ein av dei når ein kjem i full fart på rompeakebrett.

UNNA VEI HER KOMMER JEI ropte alle ungane og sette utfor utan å sjå seg for, so delar av jobben min var å ropa til ungar som gjekk i løypo at dei måtte flytta seg, og ropa til ungane som skulle renna at dei måtte venta.

Og so kom firaåringen. Mari! Sa han te meg. Du e so veldig flink te å ropa! Det såg ut som han verkeleg meinte det. Du e flink til alt, du!

Då blei eg skikkeleg glad. Eg trur eg går på rett utdanning.

14.12.09

Sjå her no, ingen postar på lenge og so to på ein dag! Eg kom på noko i stad, nemleg.
Noko av det kjekkaste med blada eg las då eg var yngre var flausene. Den eine flaue situasjonen etter den andre, som alle førte til at ein ynskte seg ein billett til Kina, eller at eit hol kunne opna seg i bakken «som jeg kunne synke ned i». I går på flyet las eg den beste flausa eg har sett på mange år. Eg las den i bladet til kusina mi, Julia. (Namnet på bladet altså, ikkje kusina mi.) Eigentleg skulle eg skrive den i autentisk jeg-form, men det gjer eg ikkje. Her er Julia si utvalde «Ukens verste»:

Ei jente (alder ukjent) var på IKEA med ei venninne. Etter kvart som dei var der vart ho so veldig tissetrengt, og gjekk for å leite etter ein do. Heldigvis fann ho ein, so ho satte seg og tissa. Då ho var ferdig oppdaga ho at det ikkje var dopapir der. Og akkurat då ho hadde oppdaga det, høyrde ho ein rå latter! Og det var sjølvsagt ein kjempesøt gut med mora hans som stod og peika og lo. OG DÅ OPPDAGA HO AT HO HADDE TISSA I EIN UTSTILLINGSDO! DØDSFLAUT! So måtte ho berre dra på seg buksa, og saman med venninna måtte ho fortelje dei som jobba der at ho hadde tissa i utstillingsdoet. Og SJØLVSAGT viste det seg at den søte guten var fetteren til ein i klassen hennar, og då fekk alle vite om det. So no erta alle ho.

Oioioi, så glad eg er for at det ikkje skjedde med meg.
Kva ynskjer du deg til jul? Dei spør alltid, og eg veit aldri kva eg skal svara. Alt og ingenting. Reiseforsikring, vintersko, dongeribukse som ikkje blir slitt på innsida av låra? Søte serveringsbrett og ein fiskepenn frå ein dillebutikk som heiter TING?

I dag fekk eg vite om noko som eg VERKELEG ynskjer meg. Sveve-gensar! Wow altså. For ein referanse å ha på brystet, den beste eg kan tenka meg. Eg var på robotbutikken i dag, sidan eg er på juleferie på vestlandet. Der fann eg ei hårklemme med sløyfe og blom, presis ei slik ei som eg tenkte på i dag tidleg at eg burde hatt.

No har eg drukke litt mykje kaffi. Kanskje eg skal finna ut om denna kafeen tilbyr toalettfasilitetar.

6.11.09

"Sandes Ulf rykkar opp, rykkar ned. Foballen e ikkje nådig." Medan me ventar på The Shining klokka 23.15 på den deilige kanalen FEM ser me på Gullballen 2009. Fotballgalla. Eg likar det betre enn eg trudde, og det minner meg på at eg faktisk likte kjempegodt å sjå OL-sendingane frå kulturhuset Banken på Lillehammer vinterstid i 1994. Med andre ord: eg likar idrett når det er glamour, men eg vil gjerne sleppa å sjå ein heil kamp.

Men tv-kvelden har romma meir! Med ein ganske god Masi Campofiorin som følge har me sett eit dødskjedeleg Beat for Beat, eit alltid like artig Nytt På Nytt med ein rasande festleg Per Egil Hegge, me har sett Eva Joly med bandasje midt i andletet, latt oss irritere/fascinere av Skavlan si simultanomsetjing og sett Bjarte Baasland fortelja si eiga historie. Og det siste var det tristaste og mest stusselege eg har opplevd på lenge.

No rykker Alexander D With spastisk på scena ved sida av ei nesten mystisk Lene Marlin. Eg heklar, men nøstet er snart tomt. Det er like greit at The Shining byrjer snart. Eg er klar for å skvetta av skumle tvillingjenter, og prøver å ikkje sjå for meg kva dei som les dette tenker når den fyrste oppdateringa mi på veldig lenge er eit referat av tv-kvelden på NRK.

28.9.09

Hei Maria! Så vidunderleg at du er i Trondheim! Venninnedagar på rad er sjeldan kost, og desse har vore verkeleg fantastiske!

Og no kjem lenka eg lova deg, bloggen til Katie frå New York, ein blogg som gjer meg oppløfta og glad. Omlag som Upperdog på kinoen i kveld.

4.9.09

Eg har drive og tenkt på ein tekst om ferien på Kypros, ein fin og interessant tekst om korleis ferie på Kypros kan vere både klassisk sydenferie og samtidig ein lærerik ferie i eit interessant land. Eit delt land. Med deilig, deilig mat med like delar tyrkiske, midt-austenske og greske element.

Og no, midt på fredagskvelden sit eg samankrølla i sofaen (sjølv om eg burde vore ein annan stad, mingla og sosialisert) med eit glas vin frå den flaska me vann på flyplassen i Larnaca - på lykkehjul, med kvitteringen frå taxfree som innsats. Det er ein heilt okei vin til å vere gratis. Det får vere nok sagt om den. Og so les eg oppskriftsbloggar, ser på fine bilete, les interessante, fine, underfundige eller masete tekstar på andre sine bloggar.

Via ei lenke frå Astrid (søte Astrid!) fann eg denne suppeoppskrifta her, 44-kløfters kvitlauksuppe, som fekk meg til å gle meg til hausten har fått enno meir tak enn den har no. Ring om du er sjuk, so skal eg koma med den på ein termos!

Nokre gongar har eg lyst å laga matblogg sjølv, ei lyst driven av like delar ynskje om å visa kor flink eg er til å laga mat og ynskje om å kanskje inspirera nokon til å laga deilige ting som er enklare enn mange trur. Eg blir i alle fall superinspirert av alt godt, epicureatricen, 101 cookbooks. Og so sjølvsagt kokebøkene mine, som eg les på senga. Nigella, Jamie, gode gamle Ingrid - og min nyaste helt: Tessa Kiros, som du kan lesa eit heilt okei intervju med her.

Det som kjenneteiknar dei kokebøkene og matbloggane eg likar best er at tekstane er meir enn berre oppramsing av ingrediensar og framgongsmåte. Det er fine foto, historier om fyrste gong ein smakte retten, grunnen til at ein likar den, tida på året den høver best eller andre personlege tankar rundt matlaging generelt og spesielt. Skriftleg fjernsynskjøken altså. Den superjoviale og entusiastiske Jamie og sensuelle, bedagelege Nigella er velkjende, men Tessa (ja, eg er på førenamn med bok-kokkane mine), som ikkje har vore på tv, kjenner eg som familiekjær, tradisjonsbevisst og med røter frå mange ulike land og kokekulturar.

Eg skal jo ikkje prøve å vere dei, eg er lysten på å prøve å skriva min eigen matskrivestil. Men har nokon lyst å lesa om og sjå bilete av dei Jamie-inspirerte blomkål- og brokkolifylte canneloniane i tomatsaus og ostesaus som me hadde til middag i dag? Den som les detta må gjerne svara. So skal eg tenka litt meir over det.